Merkantil konsulent
Rettleiingstenesta Vestland nord (Eid), Vestland fylkeskommune
Sophus Lie veg 1, 6770 Nordfjordeid
Om jobben
Stillingstittel
Merkantil konsulent
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Rettleiingstenesta for vidaregåande opplæring er ei teneste som skal bidra til lærelyst og fremje læring for
elevar og lærlingar. Vidare skal tenesta vere med å legge til rette for at flest mogleg ungdom og vaksne
fullfører vidaregåande opplæring. Vi har eit nært samarbeid med lærebedrifter, skular, kommunar og
andre aktuelle instansar.
Frå 01.01.2025 har rettleiingstenesta Vestland nord ledig 100 % stilling som merkantil konsulent.
Arbeidsoppgåver
Den tilsette vil ha merkantile oppgåver i samband med sakshandsaming, personaladministrasjon,
rapportering, samt oppgåver knytt til:
- posthandsaming
- økonomi
- innkjøp
- opplæring i bruk av fagsystem for andre tilsette i tenesta
- sentralbordfunksjonar
Andre oppgåver kan vere aktuelle.
Kvalifikasjonar
Bachelornivå frå universitet eller høgskule i relevante fag, som til dømes økonomi, administrasjon,
pedagogikk, it:
- kunnskap om lov, regelverk og offentleg forvalting
- gode digitale ferdigheter
- god munnleg og skriftleg framstillingsevne i norsk
Kravet om bachelorgrad kan fråvikast ved annan relevant kompetanse eller erfaring.
Personlege eigenskapar
Til stillinga ser vi etter deg som er:
- imøtekommande og serviceinnstilt
- lærevillig, fleksibel og har evne til å tileigne deg ny kunnskap
- systematisk og har stor arbeidskapasitet
- flink til å rettleie kollegaer
- inkluderande og byggjer gode relasjonar
- engasjert og har evne til å motivere
Vi tilbyr
Vi kan tilby eit spanande og breitt fagleg fellesskap der det blir lagt til rette for vidareutvikling av
fagkompetanse.
Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med gjeldande avtalar for rettleiingstenesta i Vestland fylkeskommune.
Kontaktinformasjon
Margrethe Eikrem Aarset, leiar, 41243344Arbeidsstad
Sophus Lie veg 16770 Nordfjordeid
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4871190317
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 03.11.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2764783
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6982fa4c117495ea3978545f0f6ee20