100% fast stilling som miljørettleiar
f.t. i Aktiv Jobb, Bremanger kommune
Gunnar Scheldrups veg 11, 6723 Svelgen
Om jobben
Stillingstittel
Miljøretteleiar
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Vi har ledig 100 % stilling frå oktober 2024. Den som vert tilsett kan få to oppmøteplassar då vi har to avdelingar.
Den eine avdelinga er i Svelgen, den andre på Aktivitetstunet på Hauge. På avdelinga i Svelgen har vi bakeri, kafé og snikkarverkstad. På Aktivitetstunet på Hauge har vi garnskjering og trykk på koppar og t-skjorter.
På begge avdelingane driv vi med miljøretta arbeid med tilrettelegging av arbeidsplassar for personar som ikkje kan være i ordinært arbeid.
Vi søkjer ein tilsett som vert ein viktig del av teamet som jobbar for å skape eit inkluderande, støttande og positivt arbeidsmiljø.
Om du ønskjer å vere tilkallingsvikar i Aktiv jobb, ber vi deg om å ta kontakt med oss.
Arbeidsoppgåver
- Rettleiing og oppfølgjing av medarbeidarar med ulike tilretteleggingsbehov
- Tilrettelegge arbeidsoppgåver og sikre gode arbeidsrutiner
- Utarbeide og følgje opp individuelle utviklingsplanar
- Samarbeide tett med andre tilsette og eksterne samarbeidspartar
- Samhandling internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Relevant utdanning innan helse - og sosialfag er ein fordel men ikkje eit krav
- Erfaring med rettleiing og oppfølgjing av personar med behov for tilrettelegging
- Evne til å arbeide sjølvstendig og strukturert
- Positiv innstilling og eit sterkt engasjement for inkludering og mangfald
- Gode kommunikasjons - og samarbeidsevner
- Gode skriftlege og munnlege norskkunnskap
- Du er kreativ, fleksibel og tek imot rettleiing
- Du må ha førarkort klasse B.
- Den som vert tilsett må legge fram politiattest av nyare dato
Vi legg stor vekt på personleg eignaheit.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø der du vil møte gode kollegaer med godt humør og stå på vilje.
- God pensjon og gode lånevilkår gjennom medlemskap i Statens Pensjonskasse.
SPK.no - Statens pensjonskasse for undervisningspersonale og KLP.no - Kommunal Landspensjon for andre. Ordningane ein får tilgang på kan bety mykje gjennom livsløpet. - Gode personforsikringar i arbeid og fritid.
- Gode moglegheiter for vidareutdanning, fagleg og personleg utvikling. Etter nærare avtale kan etter- og vidareutdanning gjennomførast med kompensasjon frå arbeidsgivar.
- Arbeidsgjevar dekker kostnadar til arbeidsklede, jf lokal avtale.
- Senioravtale for tilsette over 62 år. Undervisningspersonale får 100 % løn med 80 % arbeidstid. Andre tilsette får 2 ekstra veker fritid, dvs totalt 8 veker ferie og fritid!
- Mentorordning for nyutdanna undervisningspersonalet, god opplæring og oppfølging til nytilsette.
- Tilsette i turnusordning får vere med på planlegging av si eiga arbeidstid og fritid. Kan vere muleg med langvakter.
- Rekrutteringstilskot til sjukepleiarar og vernepleiarar med kr. 30.000,- pr år inntil 10 års ansiennitet.
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
- Gratis barnehage f.o.m. 01.08.24. Løpande barnehageopptak gjennom året!
- Gratis 12 timar SFO i veka for 1-3 klasse.
- Sjå ledige bustadtomtar i kommunen.
- Tilskot til bustadbygging Tilskotet er sett til kr 200 000 for bustadhus og kr 50 000 for kjøp av nybygt bustad i fleirbustadbygg.
Kontaktinformasjon
Oddgeir Sande, Fagleiar, +47 95982930
Arbeidsstad
Gunnar Scheldrups veg 11
6723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommune
Referansenr.: 4837524854
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 25.08.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2700541
- Sist endret
26. august 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
ba9abdd32aad416397c036394ff4ad4d