Psykolog/psykologspesialist
Tenesteområde Psykisk helse og rus, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg
Om jobben
Stillingstittel
Psykolog/psykologspesialist
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ressursbasen søker etter ein psykolog/psykologspesialist i 100 % fast stilling.
Ønsker du ei stilling med stort handlingsrom, fleksibilitet og med tett tverrfagleg samhandling med dyktige kollegaer? I ressursbasen har vi tilsette med ulik kompetanse, vi har ein psykolog, men vi ønsker ein til i teamet vårt.
Ressursbasen er ei teneste i kommunalområde Livsløp og vi har ledig ei heil fast stilling som psykolog/psykologspesialist. Hovudoppgåvene våre er foreldrerettleiing, familieterapi og oppfølging av barn og unge i høve psykiske helseutfordringar. Vi er oppteken av å jobbe systemisk og fleksibelt og saman med familien finn vi eigna tilbod med utgangspunkt i dei utfordringane dei står i. Foreldre, ungdom sjølv eller andre som er i kontakt med desse kan kontakte oss.
Som psykolog/psykologspesialist vil ein også bidra inn mot andre tenester i kommunalområdet vårt gjennom helsefremmande og førebyggande arbeid, tidleg intervensjon, samt behandling og oppfølging av psykiske helseproblem og/eller rusproblem. Dette gjeld enkeltindivi, familiar, pårørande, grupper og lokalmiljø. Tenestene i Livsløp er foruten psykisk helse og rus, helsestasjon, barnevernteneste, pedagogisk fagsenter, lege, fysio-/ergoterapitenesta, integrering, NAV og koordinering og tildeling.
Haram kommune er ei ambisiøs kommune der ein har stort fokus på gode heilskaplege tenester der vi spelar kvarandre gode og arbeider på tvers for å finne løysinga saman.
Arbeidsoppgåver
- Lavterskel kartlegging og behandling til barn, ungdom og deira familiar
- Psykisk helsetenester til vaksne
- Tverrfagleg arbeid på individ- og systemnivå
- Bidra i arbeid med intern fag- og kompetanseutvikling
- Utadretta helsefremmande arbeid med rettleiing, undervisning og kurs
- Andre oppgåver kan leggast til stillinga med utgangspunkt i kommunen sine behov
Kvalifikasjonar
- Offentleg godkjenning/ autorisasjon som psykolog/psykologspesialist
- Erfaring frå kommunal helseteneste eller spesialisthelseteneste er ønskeleg
- Erfaring frå klinsik arbeid innan psykisk helse/rus er ønskeleg
- Erfaring frå arbeid med tidleg intervensjon og tverrfagleg samhandling er ønskeleg
- Gyldig politiattest og førarkort
- God munnleg og skriftleg framstillingsevne
- Personlege eigenskapar vert tillagt stor vekt
Personlege eigenskapar
- Vere fleksibel, samtidig ha evne til å jobbe strukturert og sjølvstendig
- Interesse og forståing for lagspel og tverrfagleg samhandling
- God arbeidskapasitet
- Møte faglege utfordringar med ei løysingsorientert innstilling
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø
Vi tilbyr
- Ei spanande stilling med mulighet for å bidra til å vidareutvikle tenestetilbodet i ei ny kommune
- Kompetente kollegaer i eit aktivit og engasjerande arbeidsmiljø
- Mulighet for personleg og fagleg utvikling
- Mulighet for å delta i eit psykolog-nettverk
- Evt. tilrettelegging for gjennomføring av spesialistgodkjenning
- Fleksitidsordning
- Konkurransedyktig løn
- Pensjons- og forsikringsordning gjennom KLP
Kontaktinformasjon
Laila Grytten, Tenesteleiar, 41248725, laila.grytten@haram.kommune.noArbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4801010645
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2024
Søknadsfrist: 05.05.2024
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2626677
- Sist endret
6. mai 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
808eed64040945cf91b25f7eecb0a039