Sjukepleiar/ vernepleiar
Tenesta for psykisk helse og rus
Berte Kanutte-Vegen 6a, 6150 Ørsta, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar/ vernepleiar
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Søk på jobben
Søk senest lørdag 30. november
I Ørsta kommune er det ledig 2x100 % stilling for sjukepleiar/vernepleiar i tenesta for psykisk helse og rus.
Teneste for psykisk helse og rus skal ha fokus på at mennesket i størst mogleg grad skal kunne meistre sitt eige liv og oppleve verdigheit. Tenesta skal bidra til å skape gode livsvilkår for menneske som har behov for psykisk helsehjelp ved å formidle tru på betring, moglegheit til å ta eigne val og påverke eige liv.
Arbeidsoppgåver
- Kartlegge, vurdere, planlegge og legge til rette for å auke livskvalitet med fokus på meistring.
- Delta i tverrfagleg samarbeid med andre instansar i og utanfor kommunen.
- Oppfølging i form av støttesamtalar, aktivitetar og arbeid.
- Psykoedukasjon, nettverksarbeid, praktisk hjelp, økonomisk bistand, m.m.
- Legemiddelhandtering
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter off. godkjent sjukepleiar eller off. godkjent vernepleiar. Andre med 3 årig helse- eller sosialfagleg utdanning kan også søkje stillingane.
- Tilleggsutdanning innan psykisk helse vil vere ein styrke
- Krav om førarkort klasse B
- Det vert stilt krav om politiattest ved tilsetjing
- God norsk muntleg og skriftleg framstillingsevne. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer samfunnsengasjerte søkjarar som trivast å jobbe med mennesker
- Du må ha evne til å jobbe både sjølvstendig og i team/brukarretta samarbeid
- Du må vere fleksibel og ha gode samarbeidsevner, godt humør og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
- Struktur av arbeidskvardagen er naudsynt i ein krevjande og interessant kvardag
Vi tilbyr
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
- Gode kollegar og trivleg arbeidsmiljø
Vi jobbar med årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Tilsette kan få jobbe langevakter på helg og i vekene. Det kan vere med å gi fleksible friperioder.
Arbeidsvilkår: dag/kveld inkl. helgar
Stillinga er plassert i HTA kap. 4 Gr.2 - stillingar med krav om min. 3 årig høgskuleutdanning
Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk
Søkjarane vert vurderte ut frå ei heilskapsvurdering og personlege eigenskapar vert vektlagt. Referansar vert nytta og aktuelle søkjarar kan verte kalla inn til intervju.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Intern søkjar
Dersom du ynskjer å bli vurdert ut frå kriterium for intern fortrinnsrett til stillinga, hakar du av på omsyn – intern søkjar. Dette gjeld berre for tilsette i Ørsta kommune som er ufrivillig deltids tilsett, har jobba i kommunen i til saman 12 månadar dei siste 2 åra, eller andre faktorar knytt til lover og avtaleverk som kan gi grunnlag for fortrinnsrett. Jf. AML §14.2
Om offentleg søkjarliste:
I samsvar med offentleglova §25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg meirinnsynpå valeg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnalg for fritak, vil søkjaren verte kontakta og får tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Joanne Picton Aarseth, Avd.leiar tenesta for psykisk helse og rus, 994 95 111, joanne.aarseth@orsta.kommune.noSigrun Halkjelsvik, Tenesteleiar Heimetenester, 480 10 415, sigrun.halkjelsvik@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Berte Kanutte-Vegen 6a6150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4878086644
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 30.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Joanne Picton Aarseth
Avd.leiar tenesta for psykisk helse og rus
994 95 111
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2789484
- Hentet fra
talentech
- Referanse
1f9c78ce65314169bad5634c44a1bba9