Byggingeniør - Eigedomsrådgivar
Tenesteområde Eigedom, Haram kommune
Strandgata 40, 6270 Brattvåg, Hybridkontor
Om jobben
Stillingstittel
Byggingeniør - Eigedomsrådgivar
Type ansettelse
Fast
Arbeidstid
Vakt, dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Haram kommune er på jakt etter ein dyktig Byggingeniør - Eigedomsrådgivar som vil ha eit dedikert fokus på å forvalte, drive, vedlikehalde og utvikle vår mangfoldige eigedomsmasse. Innanfor ditt fagfelt vil du saman med oss vere viktig på vegen vidare med å forme vår levande og velfungerande kommune.
I hjarta av vår noverande verksemd finn du ein verdifull eigedomsmasse på heile 75,000 m2, som inkluderer skular, barnehagar, sjukeheimar, kulturbygg og bustader. Haram kommune er forplikta til å oppretthalde og vidareutvikle desse verdifulle ressursane.
Som Eigedomsrådgivar vil du spele ei sentral rolle i å implementere prinsippet om verdibevarande vedlikehald og sikre at våre bygningar held dei høgaste standardane for kvalitet og funksjonalitet.
Vår oppgåve er å sikre optimale arbeids- og bruksforhold i velstelte og tiltalande bygningar, og difor søkjer vi ein engasjert og erfaren Eigedomsrågivar som kan handtere utfordringane knytte til både eldre og nye byggeprosjekt.
I Haram kommune er gode, heilskaplege tenester i fokus. Vi er opptatt av å jobbe på tvers av tenestene, for å saman skape robuste tilbod for innbyggarar og næringsliv.
Er du klar for å vere med på starten av noko stort? Søk no og bli ein sentral aktør i utviklinga av Haram kommune!
Arbeidsoppgåver
- Utarbeide vedlikehaldsplanar, samt planlegging, bestilling og oppfølging av drift, vedlikehald og rehabilitering av ei gruppe eigedomar
- Kontakt med brukar/leigetakar for oppfølging av behov knytt til ønske om utvikling og tilpassing av eigedomane
- Oppfølging av myndigheitskrav
- Budsjettansvar for si gruppe eigedomar
- Andre oppgåver som faller innunder avdelinga sine ansvarsområder
Kvalifikasjonar
Vi søker primært etter nokon med byggingeniør utdannelse på nivå med bachelor eller 2-årig fagskule, og gjerne med nokre års erfaring. Relevant bakgrunn/erfaring kan kompensere for utdanning.
Du har:
- God evne til munnleg og skriftlig framstilling
- Kunnskap om innkjøp i offentleg sektor er ønskelig, men ikkje eit krav
- God kunnskap om, og interesse for, digitale verktøy vil telle positivt
- Har førarkort klasse B
Personlege eigenskapar
Du er:
- Analytisk og løysingsorientert
- God til å samarbeide og å motivere andre
- Initiativtakar og pådrivar
- Engasjert i arbeidsoppgåvene og brukarane, og omtanke for sine kollegaer
- Resultatorientert, effektiv og nøyaktig
- Stor arbeidskapasitet og takler eit høgt tempo i periodar
Personlege eigenskapar vert vektlagt
Vi tilbyr
- Ein jobb med meining - dei samfunnsnyttige oppgåvene, utfordringane og resultata motiverer og gjer tilsette stolte av å jobbe med FDVU i Haram
- Varierte og utfordrande arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg, innovativt og godt arbeidsmiljø med høgt fagleg nivå
- Løn etter avtale med kommunale tilsettingsvilkår, kommunal pensjonsordning, IA-bedrift, fleksibel arbeidstidsordning
Kontaktinformasjon
Jan Kristian Skåravik, Tenesteleiar, +47 41460386Arbeidsstad
Strandgata 406270 Brattvåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Haram kommuneReferansenr.: 4841299054
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 15.09.2024
Om bedriften
Etter vedtak i Stortinget 14. juni 2022 er Haram frå 1. januar 2024 eigen kommune, med dei grensene som var før samanslåinga med Ålesund
Kommunen har omlag 9300 innbyggarar. Haram er ein av fylket sine fremste industrikommunar, og med stolte skipsbyggartradisjonar er Haram ein viktig del av den maritime klynga på Sunnmøre. Heile 47 prosent av arbeidsplassane i kommunen er i industrien. I tillegg har Haram viktige framtidsretta arbeidsplassar i den marine næringsmiddelindustrien. Fiskeri er også ei viktig næring i kommunen.
Haram har eit rikt idretts- og kulturliv, med stor aktivitet innan kor, korps, teater og ungdomsarbeid. Fjord, fjell og nydeleg natur rett utanfor stovedøra gir også svært mange moglegheiter for ulike typar friluftsliv overalt i kommunen.
Haram kommune ligg lett tilgjengeleg på Sunnmøre, 40 minutts køyretur frå Ålesund sentrum, 35 minutt frå Moa-området og 45 minutt frå Ålesund Lufthavn, Vigra. Kommunesenteret finn du i Brattvåg, men kommunen har og fleire andre tettstadar; Vatne/Tennfjord, Søvik og Austnes.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2709496
- Sist endret
16. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
cc995785364d481fbc80291fbd59fcf7