Sjukepleiar, 100 % fast, Eining heimetenester
Om eininga/avdelinga
Aukra kommune opna eit av landets mest moderne omsorgssenter i mai 2018. Aukra Omsorgssenter inneheld 20 heildøgns omsorgsbustadar, aktivitetssenter, kortids-/rehabiliteringsavdeling, langtidsavdeling og skjerma avdeling
Eining Heimetenester skal auke grunnbemanninga og søkjer etter 100 % sjukepleiar for utfordrande stilling i pleie og omsorg. Det vil vere ein fordel å ha vidareutdanning med personar med demenssjukdom, palliasjon, kvardagsrehabilitering eller psykiske helseutfordringar.
Vi har eit tett samarbeid med institusjonstenesta og forventar at kompetanse kan nyttast på tvers av einingar. Det er avgjerande at søkjar er fleksibel med tanke på samarbeid, då pleie- og omsorgstenesta skal vere med å utvikle og drifte tilbod om legevaktsatelitt.
Sjukepleiar som vert tilsett er forventa å vere ein del av denne drifta.
Vi set brukarstyring i sentrum, og det er viktig å ha fokus på kvardagsmeistring hos den einskilde.
Tenestemottakar skal vere ein aktiv part og oppleve meistring i eigen kvardag, og verte møtt på det som er viktig for seg.
Arbeidsoppgåver
- Observere, kartlegge og legge til rette for individuelle behov
- Samarbeide på tvers om tilrettelegging av tenestetilbodet
- Primærkontaktoppgåver
- Dokumentasjon
- Heimesjukepleie
- Sjå moglegheiter med å ta i bruk velferdsteknologi og andre hjelpemiddel
Krav til søkar
- Fleksibel og dyktig sjukepleiar som vil vere med å arbeide for eit kvalitativt godt tilbod til våre brukarar
- Løysningsorientert sjukepleiar som ser moglegheiter og er med på å utvikle og tilpasse tenestetilbodet med utgangspunkt i behov og samfunnsendringar
- Innovativ sjukepleiar som ser nytten av folk i samspel med teknologi i tenesteytinga
- Sjukepleiar som verdsett god kommunikasjon og samhandling med tenestemottakarar, pårørande, medarbeidarar og leiarar
Absolutte krav:
- God datakunnskap
- Du må ha autorisasjon
- Du må nytte nynorsk som målføre og beherske norsk språk skriftleg og munnleg
- Personleg eignaheit
Vi tilbyr
Godt arbeidsmiljø som du er aktivt med på å skape
Gode pensjons- og forsikringsordningar
Kommunale tilsettingsvilkår og løn etter tariff + kr 15.000 i framforhandla tillegg.
Rekrutteringstilskot
Utdanningsstønad frå eige fond for etter- og vidareutdanning
Flyttegodtgjersle etter kommunalt regelverk
Særskilte krav
Det vert stilt krav om politiattest ved tiltreding.
Prøvetid
Gjensidig effektiv prøvetid på 6 mnd.
Søkarliste
Om du ønsker å reservere deg frå oppføring på offentleg søkarliste, må du opplyse om og grunngje dette i søknaden. Opplysningar kan bli offentleggjort sjølv om du har bedt om ikkje å bli oppført på søkarlista, jfr. Offentleglova § 25. Du blir varsla dersom ønsket om reservasjon ikkje vert tatt til følge.
Søknad sendast
Aukra kommune nyttar elektronisk søknadsbehandling. Vi ber derfor om at du fyller ut elektronisk søknadsskjema via funksjonen "Søk på stilling"
Om bedriften
Aukra kommune er ein øy- og fastlandskommune på kysten av Romsdal. Kommunen har 3600 innbyggarar og er ein vekstkommune. Med ilandføring av gass frå Ormen Lange-feltet og som gassknutepunkt for Norskehavet, er kommunen sikra eit unikt utgangspunkt for eit allsidig nærings- og kulturliv og godt utbygde tenester. Kommunen si plassering innbyr til friluftsaktivitetar både til sjøs og til lands. Avstanden til kultur-, fotball- og industribyen Molde er kort.Aukra kommune har omlag 450 tilsette. Administrativt er vi organisert i to nivå: rådmann, kommunalsjefar og tre stabs- og støtteavdelingar samt 11 einingar. Kommunen har gode utviklingsmulegheiter og står overfor mange interessante prosjekt og store utfordringar.