Politioverbetjent/Seksjonsleiar - Vest politidistrikt - Felles eining for operativ teneste - Seksjon for trafikk, sjø og beredskapsplanleggjing
I Vest politidistrikt, for tida Felles eining for operativ teneste, er det ledig ei fast stilling som politiovebetjent SKO 0287 med funksjon som seksjonsleiar ved Seksjon for trafikk, sjø og beredskapsplanleggjing. Stillinga er fagleg og administrativt underlagt driftseiningsleiar.
For stillinga gjeld vanlege tilsetjingsvilkår for staten, mellom anna prøvetid etter Statsansatteloven. Søkjarar må kunne skrive både bokmål og nynorsk. Det er krav om plettfri vandel.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i folket. Det er difor eit personpolitisk mål å ha ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med innvandrarbakgrunn. Kvinner og personar med innvandrarbakgrunn blir oppmoda om å søkje.
Søkjarar må opplyse om dei har god helse og leggje fram helseattest på førespurnad.
Aktuelle søkjarar vil bli kalla inn til intervju. Stadfesta vitnemål og attestar må takast med til intervjuet. Vi gjer merksam på at søkjarlista kan bli gjort offentleg sjølv om søkjar ber om å få vere anonym, jf. Offentleglova § 25.
Vi ber om elektronisk søknad via lenka.
Arbeidsoppgåver
- Fagansvar for trafikk-, forhandler-, sjø og beredskapsplanleggjingen i politidistriktet
- Planleggje og leie den daglege tenesta på seksjonen
- Ansvar for budsjett, resultat og personale i seksjonen
- Ansvar for seleksjon og lokal rekruttering av båtførarar
- Ansvar for seksjonen sin båt og materiell
- Må pårekna å delta i operativt politiarbeid saman med seksjonen sine øvrige ansatte
- Innstille og følgje opp grunnutdanninga, og sørgje for at båtførarane får naudsynt trening og vedlikehald av kompetansen
- Sørgje for effektiv og tydeleg kommunikasjon med andre seksjonar, eksterne samarbeidspartnarar, og innbyggjarar
- Vere pådrivar og støttespelar i utviklinga av eit godt medarbeiderskap og ønska kultur i organisasjonen
- Ansvar for HMS i seksjonen
- Andre oppgåver pålagt av overordna
Kvalifikasjonar
- Politiskulen/Politihøgskulen
- Leiarerfaring og/eller leiarutdanning
- Brei politifagleg erfaring
- Søkjar må vere IP4-godkjend eller kvalifisert og villig til å bli IP4-godkjend
- Kunne vise til god resultatoppnåing i tidlegare stillingar
- God munnleg og skriftleg framføring
- God IKT- og systemkompetanse
- Må kunne klarerast for HEMMELEG
- Erfaring og/eller kunnskap om HMS-arbeid vil bli vektlagt
- Kompetanse innan beredskapsplanleggjing er ein fordel
- Kompetanse innan sjøtenesta er ein fordel
Utdanningsnivå
- politiskole/politihøgskole
Personlege Eigenskapar
- Vere tett på, modig, heilskapsorientert og vise respekt
- Motivere og skape resultat i samhandling med andre
- Mål- og resultatorientert med evne til å sjå moglegheiter, kombinert med evne til å ta sjølvstendige avgjerder i ein hektisk arbeidskvardag
- Gode samarbeidsevner og evne til å byggje relasjonar
- Samfunnsorientert med forståing for eininga si rolle i samfunnsoppdraget til politiet
Vi tilbyr
- Stillinga blir lønna som politioverbetjent SKO 0287 frå ltr. 78/kr. 754 900,- til ltr. 81/kr. 826 000,- brutto per år
- Vest politidistrikt er ei IA-verksemd
- Medlemsskap i Statens pensjonskasse
- Bedriftshelseteneste
Andre opplysningar
- Noe reisevirksomhet må påregnes
Kontaktinformasjon
Morten Espen Ørn, Driftseiningsleiar, 55556151
For spørsmål om elektronisk CV/søknad, Seksjon for HR, 55556300
Arbeidsstad
Bergen
Nøkkelinformasjon:
Annonsør:Politiet, Vest pd
Ref. nr.:201807120
Fast stilling
Tal på stillingar: 1
Søknadsfrist: 03.03.2019
https://www.webcruiter.no/wcmain/advertviewpublic.aspx?oppdragsnr=3925329459&company_id=3586297877&culture_id=NN-NO
For elektronisk søknadsskjema:[Klikk her]
Om bedriften
Vest politidistrikt dekker 54 kommunar, med til saman 589 500 innbyggjarar, og har om lag 1300 tilsette med politimeister Kaare Songstad som øvste leiar.