Nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog
Bli ein del av satsinga vår innan psykisk helsevern for barn og unge.
Ved BUP poliklinikk i Molde er vi i gang med etablering av eit eige nevroteam for barn og unge i alderen 6-18 år.
I den samanheng søkjer vi etter nevropsykolog/psykologspesialist/psykolog med interesse og ønske om å bidra i dette arbeidet saman med oss.
BUP Molde har eit breitt samansett og spennande fagmiljø, som gir differensierte behandlingstilbod til barn og unge, og familiane deira. Poliklinikken er organisert i tverrfaglege geografiske team og vi har i tillegg eige småbarnsteam, akutt/ambulant team og spesialiserte behandlingsteam som til dømes FBT, TF-CBT, PEF og OCD. Vi legg vekt på god kontakt og tett samarbeid med førstelinetenesta, noko som betyr at rettleiingsoppgåver til våre samarbeidspartar er ei forventa arbeidsoppgåve.
Psykisk helsevern for barn og unge er samansett av Poliklinikkar i Kristiansund, Molde, Volda og Ålesund og ein døgnseksjon med einingar i Molde og Ålesund. Døgnseksjonen består av ein akutt- og utgreiingseining i Ålesund og ei familieeining i Molde.Vi har eit levande forskingsmiljø, og fleire pågåande innovasjonsprosjekt. Mellom anna vert det arbeidd med utprøving av ny behandlingsmetodikk for ungdom med personlegdomsproblematikk, og vi prøver ut funksjonen ADHD-sjukepleiar i BUP.
Satsinga Barn og unges helseteneste er eit samarbeidsprosjekt mellom Helse Møre og Romsdal og alle kommunane i fylket, der det vert utarbeida samhandlingsforløp for dei sju vanlegaste psykiske helseplagene hjå barn og unge. Forløpa er no under implementering.
Dersom du synest dette høyrest spennande ut, og du tenkjer du har relevant kompetanse, så ynskjer vi å kome i kontakt med deg!
Oppstartstidspunkt vert etter nærmare avtale med seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Utgreiing og behandling av pasientar i alderen 0-6 år og 6-18 år
- Medvirke fagleg gjennom rettleiing, undervisning og teamarbeid
- Delta i fagleg utviklingsarbeid og planlegging
- Samarbeid internt og eksternt
Kvalifikasjonar
- Norsk autorisasjon som psykolog, fortrinnsvis spesialist i nevropsykologi/barne- og ungdomspsykologi
- Ønskje om erfaring frå psykisk helsevern for barn og unge
- Gode norskkunnskapar både skriftleg og munnleg
- Det er krav om framlegging av politiattest før tilsetting
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til tverrfagleg samarbeid
- Stor arbeidskapasitet og evne til å strukturerer eiga arbeidskvardag
- Evne til å arbeide systematisk og målretta
Vi tilbyr
- Ein spennande og hektisk arbeidskvardag
- Eit stort og inkluderande fagmiljø, med vekt på tverrfagleg samarbeid
- Løn etter gjeldande overeinskomstar
- Medlemskap i god offentleg pensjonsordning og fordelaktige forsikringsvilkår
Kontaktinformasjon
Hilde Sivertsen, Seksjonsleiar, 99245684, Hilde.Sivertsen@helse-mr.noArbeidsstad
Nøisomhedvegen 126416 Molde
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse Møre og Romsdal HFReferansenr.: 4802579825
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 06.05.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vil du gjere ein forskjell? Vi i Helse Møre og Romsdal (HMR) gir spesialisthelsetenester til alle innbyggjarane i fylket. Med våre omlag 6500 tilsette er vi ein skapande og nytenkande organisasjon som kvar dag står på for at pasientane skal få best mogleg helsetenester. Vi har ei leiande rolle innan forsking og utdanning, og har sterke fagmiljø knytt til teknisk drift, økonomi og HR. Sjukehusa i HMR er i Volda, Ålesund, Molde og Kristiansund. Nytt felles akuttsjukehus for Nordmøre og Romsdal er under bygging på Hjelset i Molde kommune, og skal stå klart for innflytting våren 2025. I Kristiansund vert det vidare eit breidt spesialisthelsetenestetilbod med poliklinikk, dagbehandling og dagkirurgi. I tillegg har vi behandlingsinstitusjonar innan rehabilitering, psykisk helsevern og rusbehandling. Det vert lagt til rette for gode og inkluderande arbeidsmiljø prega av openheit og respekt. Vi vil at våre tilsette skal spegle mangfaldet i befolkninga. Difor oppmodar vi alle som er kvalifiserte til å søkje hos oss, uavhengig av kjønn, alder, funksjonshemming, nasjonal eller etnisk bakgrunn. Det same gjeld om du har hatt eit lengre opphald i arbeidslivet. Helse Møre og Romsdal er underlagt offentleglova. Vi arbeidar for meiroffentlegheit, og søkarlista til stillinga kan bli offentleggjort. Ein kan be om unntak frå offentleg søkarliste. Unntak skal grunngjevast frå søkar si side. Arbeidsgivar vil vurdere ei slik oppmoding, og søkar vert kontakta om oppmodinga ikkje vert tatt til følgje.
Uansett kva stilling du vert tilsett i, så skal vi bidra til at du får utvikle deg og kompetansen din. Bli med på laget! For meir informasjon om helseføretaket, sjå Helse Møre og Romsdal