Sjukepleiar
Helse- og omsorgsetaten, Eining 2 Holsekerdalen omsorgsbustader
Holsekerdalen 20, 6065 Ulsteinvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest i overmorgen
Ledig vikariat som sjukepleiar frå dags dato til 28.02.26, og mogleg forlenging. Stillinga er organisert under heimebasert omsorg, eining 2 og har base i Holsekerdalen 20. Avdelinga har ansvar for ca 50 omsorgsbustader for menneske med ulike helseutfordringar knytt til både alder og funksjon.
Stillinga er i to-delt turnus med ein kombinasjon av langvakter på 12,5 time og ordinære vakter. Arbeid kvar tredje helg.
Arbeidsoppgåver
Sikre eit godt tenestetilbod med individuell tilrettelegging og hjelp til sjølvhjelp
Bidra til at brukarane skal kunne bu lengst muleg eller heile livet i omsorgsbustad
Observere, vurdere og iverksette nødvendige tiltak, og ta ansvar for sjukepleieoppgåver til den enkelte brukar og dokumentere etter gjeldande regelverk
Samarbeide med pårørande, verge, interne og eksterne instansar og fagområde.
Delta i utvikling av eigen arbeidsplass og i rettleiing og opplæring av medarbeidarar
Kjenne til og etterleve rutiner i gjeldande kvalitetssystem
Kvalifikasjonar
Autorisert sjukepleiar
Ved tilbod om stilling må tilfredstillande politiattest kunne leggast fram.
Personlege eigenskapar
Vi ser etter deg som likar ein variert arbeidskvardag med mange ulike arbeidsoppgåver.
Du må kunne arbeide like godt sjølvstendig som i team. Vere ein lagspelar samtidig som du kan ta ansvar og eigne vurderingar.
Du må vere løysingsorientert.
Du må kunne norsk, både munnleg og skriftleg.
Du må vere lydhøyr både for brukarar og kollegaer, og god på kommunikasjon.
Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
Spennande og varierte arbeidsoppgåver
Veldig godt arbeidsmiljø
Gode forsikring- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Marlen Kristensen, Einingsleiar, +47 98230612, marlen.kristensen@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Holsekerdalen 206065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse- og omsorgsetatenReferansenr.: 4908305915
Stillingsprosent: 100%
Vikar
Søknadsfrist: 07.02.2025
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2840728
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4206a3c7d128459888bfc454f9255121