Avdelingsleiar Lesja bygdemuseum
Gudbrandsdalsmusea As Avdeling Lesja
Kyrkjevegen 91, 2665 Lesja, Hybridkontor
Om jobben
Er du Lesja bygdemuseum sin nye leiar? Vil du vere med å vidareutvikle formidlinga og forvaltinga av kulturarven i Gudbrandsdalen i samspel med fagfolk og mange friviljuge?
Stillingstittel
Avdelingsleder
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Fast, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. februar
Send søknad til
Hva vi ser etter
KVALIFIKASJONAR:-
Relevant utdanning innan kultur- og tradisjonsfaga, eller anna relevant praksis
-
Erfaring med personalleiing, administrasjon og økonomi
-
Praktisk erfaring
-
Gode kommunikasjonsevner skriftleg og munnleg
-
Førarkort klasse B
-
Inspirert og motiverande lagbyggjar
-
Stor arbeidskapasitet og gjennomføringsevne
-
Kjennskap til Gudbrandsdalen er ein fordel
Arbeidsoppgaver
Vi ser etter deg som har eit sterkt engasjement for museet i lokalsamfunnet, og for lokal og regional historie og kulturarv. Du har gjerne erfaring med leiing frå andre institusjonar, eit godt nettverk, er sosial og utoverretta, likar å arbeide praktisk og med relevant utdanning. Samarbeid og samhandling står høgt på agendaen i Gudbrandsdalsmusea, både internt og med andre kulturaktørar.
Du er dyktig på bygging av tillit og gode relasjonar. Du likar å motivere og spele andre gode, i tillegg til sjølv dra ein stor del av lasset. Drifta av museet omfattar eit godt og nært samarbeid med andre tilsette, friviljuge, eigarar og lag og miljø. Du trivest med administrativt arbeid og økonomistyring, og kommuniserer tydeleg og effektivt. Avdelingsleiaren har det faglege og administrative ansvar for utvikling av Lesja bygdemuseum.
Om museaLesja bygdemuseum øvst i Gudbrandsdalen er ei av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Sidan 1985 har bygdemuseet med hjelp av mange frivillige vore ein viktig arena for formidling av lokal handverks- og tradisjonskultur. Her finst og bygningsvernrådgjevar, historisk arkiv og magasin med kulturhistoriske gjenstandar.
Kvart år er ikring 150 frivillige i sving på museet. I dei småe stovene syner dei fram tradisjonskunnskap av alle slag: steiking av lefser og flatbrød, av tynnkake og skrivarbrød. Andre lagar sopelime eller dei driv med treskjering, dei strikkar og broderer -- eller dei demonstrerer korleis ein kniv blir til. Dei som deltek er utøvarar frå heile Nord-Gudbrandsdalen. Aldersspennet er stort og inkluderer unge og eldre frå 15 til 98 år. Slik er museet og dei frivillige med på å sikre kulturarven for framtida.
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen. Museet formidlar kunnskap om materiell og immateriell kulturarv gjennom arkiv og utstillingar, kurs og foredrag. Frå Ringebu i sør til Lesja i nord og Skjåk i vest strekker museet seg over ni kommunar i Gudbrandsdalen. Museet har aktivitet i alle bygder i regionen og ei rekke avdelingar.
Levande kuturarvGudbrandsdalsmusea er kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit mangfaldig publikum. <<Vern gjennom bruk>> er berande strategi. Museet skal løfte kulturarven opp og fram gjennom at publikum sjølve kan ta del, til dømes gjennom kurs og foredrag, utstillingar og konsertar. Med eit vakent auga for både fortid, samtid og framtid i Gudbrandsdalen er kulturarven relevant og verdifull.
Gudbrandsdalsmusea bidreg til ei miljøvenleg og berekraftig utvikling av museet og samfunnet gjennom internasjonale, nasjonale og eigne konkrete mål og satsingar.
Driftsselskapet Gudbrandsdalsmusea AS er eigd av kommunane i regionen. Avdelingane er eigde av historielag, eigarstiftingar og andre. I 2025 er det 13 tilsette i Gudbrandsdalsmusea. Dei tilsette er fordelte på avdelingar rundt om i heile Gudbrandsdalen.
Vi tilbyr
I GUDBRANDSDALSMUSEA FÅR DU:-
Eit ope og triveleg arbeidsmiljø med kompetente kollegaer
-
Varierte og meiningsfulle arbeidsoppgåver i ein sentral og viktig kulturinstitusjon
-
Kontorstad på Lesja bygdemuseum
-
Fleksibel arbeidstid
-
God pensjonsordning i KLP
-
Fast stilling i 80 %
-
Løn etter avtale
-
Stillinga er omfatta av Offentlegheitslova og søkarlista er offentleg
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Lesja bygdemuseum øvst i Gudbrandsdalen er ein av fleire avdelingar i Gudbrandsdalsmusea. Bygdemuseet er med hjelp av mange frivillige ein viktig arena for formidling av lokal handverks- og tradisjonskultur. Her finst og bygningsvernrådgjevar, historisk arkiv og magasin med kulturhistoriske gjenstandar.
Gudbrandsdalsmusea er regionmuseum for Midt- og Nord-Gudbrandsdalen med aktivitet i ni kommunar og ei rekkje avdelinger. Året rundt er Gudbrandsdalsmusea eit kulturelt samlingspunkt og møteplass for eit stort og mangfaldig publikum.
Sektor
Privat
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2825894
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
30c0445a-2341-42f3-ab4e-098df4d9cddc