Lærarstillingar i vaksenopplæringa (VO) frå 01.08.2024
Tokke Kommune Sentraladministrasjon
Storvegen 60, 3880 Dalen
Om jobben
Stillingstittel
Lærarstilling i vaksenopplæring
Oppstart
1. august 2024
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
LÆRARSTILLINGAR I VAKSENOPPLÆRINGA (VO)
Tokke kommune har ledige faste lærarstillingar i vaksenopplæringa frå 01.08.24
Hovudoppgåver vil vere undervisning, utarbeiding og oppfølging av individuell opplæringsplan, og tett samarbeid med andre lærarar på vaksenopplæringa.
++Fagynskje:++
Godkjent lærarutdanning eller erfaring med undervisning av vaksne.
Vidare er det ynskjeleg med kompetanse/erfaring innan: Norsk som andrespråk og andrespråkspedagogikk.
Andre med aktuell yrkeskompetanse og erfaring kan også søkje.
Ynskjer du meir informasjon kan du ta kontakt med Tone Lunde Skaalen, kommunalsjef for oppvekst, kultur og idrett, e-post: tone.lunde.skaalen@tokke.kommune.no eller mob.: 971 71 406
Me kan tilby:
-
Løn og tilsetjing på kommunale vilkår.
-
Utfordrande arbeidsoppgåver i ein service- og utviklingsorientert etat
-
Eit godt arbeidsmiljø
Ø- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Personlege eigeskapar:
-
Gode samarbeids- og kommunikasjonsevner
-
Være engasjert, fleksibel, reflektert og tydeleg
-
Ha evne til å sjå positivt på nye utfordringer
-
Være ansvarsbevisst og sjølvstendig
Det vil bli lagt vekt på personlege eigenskapar.
Blir det fleire ledige stillingar fram til nytt skuleår, vil ein nytte same søkjarliste.
Vi i Tokke kommune er oppteken av mangfald, og oppfordrar difor alle som er kvalifisert til å søkje, uansett alder, kjønn, funksjonshemming og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Vi tilpassar arbeidsplassen om du har behov for det.
Aktuelle søkjarar vert kalla inn til intervju. Dei som vert tilsett, må leggje fram politiattest, før ein kan ta til i jobben.
I samsvar med Offentleglova §25 kan namn på søkjarane offentleggjerast.
Søknad vert å sende på elektronisk skjema, sjå www.tokke.kommune.no
Søknadsfrist: 10.mars 2024
Velkomen som søkjar!
Om bedriften
Tokke er ein av seks kommunar i Vest-Telemark. Kommunen har i underkant av 2200 innbyggjarar. Vi har mange aktive bygder og grender, med kvar sine kvalitetar, tradisjonar og eldsjeler. Kommunen har mange mindre matprodusentar som i stor grad nyttar utmarksbeite i våre flotte fjell- og heiområder.
Det er eit mangfaldig kultur og organisasjonsliv i kommunen.
E-134 er ei av hovudfartsårene mellom Austlandet og Vestlandet og går gjennom kommunen i Høydalsmo. Kommunesenteret Dalen er om lag 220 km frå Oslo. Dalen sentrum har bevart ein del av sine historiske bygg, bryggjeanlegg ved Telemarkskanalen og eventyrhotellet Dalen Hotel frå 1894. Suleskarvegen mot Stavanger, 230 km unna, er ein populær sommarveg gjennom kommunen.
Tokke er ein kraftkommune og Statkraft Region Sør-Noreg har regionkontor og Vest-Telemark kraftlag har hovudkontor i kommunen. Det er også fleire industri- og høgteknologiske verksemder her.
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2574778
- Sist endret
11. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
3087622f-d14f-448f-8234-c53287461afe