Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar til faste stillingar ved somatiske avdelingar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Haukeland universitetssjukehus treng fleire dyktige og engasjerte sjukepleiarar som ønsker å jobbe ved somatiske einingar
Oppstart i stillingane vil vere frå snarast eller etter nærare avtale med avdelinga.
Du kan lese meir om avdelinga ved å trykke på link i navnet, og du finn meir info lenger nede i annonsa.
Vi har ledig faste stillingar ved desse avdelingane:
- Rehabiliteringsklinikken, Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering
- Kirurgisk klinikk, Plastikk- og karkirurgi (post 4)
- Medisinsk klinikk, Seksjon for nyresjukdommar, Medisinsk post 1 Nord og Medisinsk post 2 - Dialysen Bemanningsenteret
- Klinikk for hode/hals, Hovud/hals og augeavdelinga, Øyre-nase-hals poliklinikk
- Revmatologisk avdeling, Revmatologisk poliklinikk/osteoporosesenteret
- Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk, Kreft poliklinikk
- Mottaksklinikken, Utgreiingsmottak 2
Oppgi øverst i søknaden kva stilling(ar) du søker i prioritert rekkefølge.
Som nyutdanna må du legge ved karakterutskrift frå sjukepleieutdanninga og 2 referansar frå nokon som har vurdert deg i praksis eller lønt arbeid. Søkarar som av ulike årsaker ønsker redusert stilling kan også søke.
Arbeidsoppgåver
Avdeling for Fysikalsk medisin og ReHabilitering (AFMR) har ledig 100% fast stilling i 2-delt turnus og arbeid 3. kvar helg.
ReHabiliteringsklinikken er ein av klinikkane i Helse Bergen, og held til på Nordås, i nærleiken til Lagunen Storsenter. Her greier vi ut og behandlar menneske med medfødde og erverva skadar og sjukdom. Vi har to sengepostar med totalt 33 døgnplassar. Dei fleste pasientane blir overført til oss tidleg etter skade eller sjukdom, som ein del av akuttforløpet i Helse Bergen. Vi har regional funksjon for traumatisk hovudskade-rehabilitering og nasjonal funksjon for brannskaderehabilitering. Som sjukepleiar her får du arbeide heilskapleg både med komplekse medisinske problemstillingar, og spesialisert rehabilitering i ein tidleg fase. Kvardagen ved sengeposten er variert og innhaldsrik og ein arbeider tett med andre faggrupper. Vi ønsker medarbeidarar som trivast med å arbeide tverrfagleg, har gode samarbeidsevnar og kan arbeide målretta og strukturert. Du har god fagleg vurderingsevne, er løysingsorientert og meistrar høgt tempo. Vi tilbyr eit miljø der vi ser og oppmuntrar kvarandre. Sengepostane har eit triveleg, engasjert og aktivt miljø. Hos oss får du introduksjon og oppfølging av erfaren kollega og ein trinnvis oppbygging av kompetanse.
Kontakt: Post 1: Lisbeth Sparre, Tlf. 55918484. Post 2: Anja Margrethe Jordal, Tlf. 55918425
Plastikk- og karkirurgi (post 4) er ein kirurgisk sengepost med pasientar frå to fagfelt, plastikkirurgi og karkirurgi. Sengeposten avlastar også Brannskadeavdelinga, så det er ein kompleks avdeling med stort spenn i diagnosar, pasientgrupper og sjukepleieprosedyrar. Arbeidsmiljøet er godt og vi legg til rette for fagleg utvikling for våre medarbeidarar. Sjukepleiarane tilhøyrer i utgangspunktet anten kar- eller plastikk- gruppen, men alle må kunne fungere på begge fagfelt, då behovet for personell på begge sider varierer. Vi har primærsjukepleie, samt ein teamleiar på kvar gruppe i vekedagar som har ansvar for legevisitt, samt å koordinere arbeidet innad i gruppa. På kvar vakt har vi også ein vaktleiar som har eit overordna ansvar for pasientflyt og bemanning, samt ansvar ved brann og beredskap. Vi har ein god blanding av elektive og ØH-pasientar. Nokre er kun innlagd i eit døgn, mens andre kan vere inneliggande i fleire veker. Kirurgisk post 4 har eit ungt og inkluderande arbeidsmiljø med jevnlige sosiale treff utanom arbeidstid. Dersom du er ute etter eit inkluderande arbeidsmiljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling, så kan avdelinga vår vera noko for deg. Vi har 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Mogleg for langvakt hvis ønskeleg med arbeid mellom 12-16 helgar per år.
Kontakt: Siri Erstad, Tlf. 91752555.
Kvalifikasjonar (overskrift)
Seksjon for nyresjukdommar, Medisinsk post 1 Nord er ein nefrologisk og endokrinologisk sengepost med 18 senger. Vi behandlar pasientar med mellom anna nyresjukdommar som kronisk og akutt nyresvikt, nefrotisk syndrom, pyelonefritt, oppstart med dialyse, hypertensjon, diabetes, elektrolyttforstyrringar, stoffskiftesjukdommar, samt vanlege indremedisinske sjukdommar. Vi har ledig 100% fast stilling i 3 delt turnus med arbeid 3. kvar helg. Relevant sjukehuserfaring er ein fordel. Erfaring frå nyremedisin eller endokrinologi er ønskeleg.
Kontakt: Øystein Nautvik, Tlf. 5597361
Seksjon for nyresjukdommar, Medisinsk post 2 - Dialysen har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 2 delt turnus. Dagvakt 7:30-15:00 alle dagar og aftenvakt 13:30-21:00. Spennande jobb med muoglegheit for fagleg utvikling og eit godt arbeidsmiljø. Vi ønsker oss ein sjukepleiar med noko jobberfaring. det er ein fordel med kompetanse innan dialyse, men ikkje eit krav. Dialysen er ein dageining der vi fast behandlar ca 100 pasientar med kronisk nyresvikt, i tillegg har vi også akuttberedskap. Vi har også to avdelingar på henhaldsvis Straume og Knarvik. Stillinga er i kombinasjon med 20% fellesvakter i Medisinsk klinikk.
Kontakt: Audhild Hannisdal Jørstad, Tlf. 55973622/48092221
Bemanningssenteret har ledig 100% faste stillingar med arbeid kvar 3. helg, og med stor innverknad på eigen turnus. Tiltredelse etter nærare avtale.
Bemanningssenteret er sjukehuset sitt eige interne vikarbyrå. Hos oss vil du få moglegheit til å jobbe på eit begrensa tal av avdelingar, og moglegheit til å lage din eigen årsturnus. Vi tilbyr fire fagdagar i året, møtepunkt kvar tredje veke og tett oppfølging av leiar og resten av teamet. Velkommen på laget :)
Kontakt: Linda Greve Iversen, Tlf. 55976900
Hovud/hals og augeavdelinga har ledig 100% fast stilling som sjukepleiar i 3 delt turnus. Vi ein kirurgisk sengepost og høyrer til Klinikk for hovud/hals. Posten har 27 senger og pasientar over 18 år. Klinikken har regionalt behandlingsansvar for kreft i hovud-hals i samarbeid med Kreftavdelinga. Hovud/hals/augeavdelinga er ei spennande avdeling med stor variasjon av sjukepleiefaglege prosedyrar, med hovudansvar for tracheostomipasientar på sjukehuset. I avdelinga er arbeidsoppgåvene organiserte etter «gruppesjukepleie»-prinsippet.
Hos oss får du god erfaring innan fagfelta hovud-hals, øyre, nase, biholer, kjeve og auge med god variasjon av arbeidsoppgåver.
I samarbeid med fagsjukepleiar legg vi til rette for god opplæring og sørgjer for at sjekklister, kompetanseplanar og faglege retningslinjer er oppdaterte.
Personalgruppa består av sjukepleiarar, helsefagarbeidarar og postsekretær. Avdelinga har også stillingar for traineesjukepleiar og traineehelsefagarbeidar. Vi sørgjer for opplæring og praksis for sjukepleiestudentar og helsefagarbeidarlærlingar.
Vi har eit godt arbeidsmiljø og teamsamarbeid i avdelinga. Klinikken har fleire årlege HMS-dagar i godt samarbeid med verneomboda våre.
Kontakt: Kjersti Walde, Tlf. 55973509/98423714
Øyre-nase-hals poliklinikk har har ledig ein fast 100% stilling. Vi er ein aktiv poliklinikk som behandlar både elektive og ØH-pasientar. Utgreiing, behandling og kontroll av pasientar blir utført både i team med andre yrkesgrupper, og ved sjølvstendige sjukepleiekonsultasjonar. Vi har og ein del småkirurgi ved poliklinikken. Søkarar må kunne jobbe i team, kunne snu seg raskt, takla ein travel kvardag og sjå framover. Vil vil legge vekt på at søkar har personlege eigenskapar som passar for stillinga.
Søkarar må ha erfaring frå øyre-nase-hals og operasjonsplanlegging.
Kontakt: Marius Pallesen, Tlf. 55970934
Revmatologisk poliklinikk/osteoporosesenteret har ansvar for oppfølging av pasientar med revmatologiske sjukdommar i helseregionen. Opplæring, informasjon og hjelp til meistring står sentralt i arbeidet. Innanfor faget osteoporose er vi mellom landets største.
Vi jobbar tverrfagleg med fleire yrkesgrupper. Vi søker etter ein sjukepleiar som ønsker varierte arbeidsoppgåver, faglege utfordringar og som kan jobbe sjølvstendig.
Arbeidsoppgåvene vil vere målingar med DXA maskinar, opplæring av pasientar, informasjon til pasientar og pårørande med stort fokus på førebygging.
Vi ønsker ein sjukepleiar med erfaring med sjølvstendig sjukepleiefagleg arbeid. Du må ha gode datakunnskapar og vere god på kommunikasjon. Vi har behov for ein sjukepleiar i 100% vikariat i eit år. Etter endt vikariat vil stillinga vere 100% fast ved avdelinga eller ved Bemanningssenteret.
Kontakt: Kristin Selseng Soltveit, Tlf 92242414
Kreft Poliklinikk søker etter sjukepleiar/kreftsjukepleiar til 3x100% stillingar. Ved intern tilsetting vil ein trenge å erstatte desse med arbeid i kombinerte stillingar ved poliklinikk/sengepost.
Vi greier ut, behandlar og har etterkontroll av pasientar frå Helseregion Vest. På poliklinikken blir det gjort vurdering, behandling, oppfølging og kontrollar av kreftpasientar. Det er mange ulike diagnosegrupper. Vi har samla ulike diagnosegrupper i 6 diagnoseteam. Personalet, både legar og sjukepleiarar er knytta til faste team. Vi formidlar kontakt med interne og eksterne samarbeidspartnarar. Personalet deltar også i undervisning og rådgiving til pasientar, pårørande og andre helsearbeidarar.
Kontakt: Tone Bruland Neteland 55973909/ 41763874
Utgreiingsmottak 2 (UMO 2) har ledig faste 100% stillingar for sjukepleiar. Eininga har 18 senger og pasientar fra alle fagområder. I halvparten av sengene tilstreber vi gastro kirurgiske pasientar.
UMO 2 er eit utvida mottak og pasientane er akutt innlagde. Mange har uavklarte diagnosar og behov for vidare utgreiing. Liggetid er inntil 3 døgn, og målet er rett diagnose så raskt som mogleg og behandling på rett stad. Dette er ei eining med stor fagleg breidd og mange varierte arbeidsoppgåver; mottak av nye pasientar, delta i ugreiing, følge opp behandling, pre og postoperativ sjukepleie. Kontinuitet i observasjonar er særs viktig i eininga. Pasientansvarleg sjukepleiar, lege og anna helsepersonell arbeider saman i team.
Kontakt: Ann-Cathrin Midtun, Tlf 95890308
Du må:
- Ha norsk autorisasjon som sjukepleiar eller vil få dette ila desember 2024/januar 2025
- Ha erfaring frå helse- og omsorg (ønskeleg men ikkje eit krav)
- Ha gode kunnskapar i norsk skriftleg og munnleg
- Vere eigna til å jobbe med pasientgruppa
Vi tilbyr deg:
- Ein arbeidsplass med høg fagleg standard, tverrfagleg arbeidsmiljø med fokus på fagleg og personleg utvikling
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp verifiserte vitnemål og karakterutskrifter, der det er mogleg. Har du utdanning frå utlandet, legg ved godkjenning frå Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse.
Kontaktinformasjon
Sjå kontaktperson, oppgitt for dei enkelte stillinganeArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4878752878
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.11.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2779713
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e527251094ff4701a317acddbe624307