ID 2165 Miljøarbeidar Dagaktivitetstilbodet - Heimebaserte tenester
Stord kommune
5417 Stord
Om jobben
Stillingstittel
Miljøarbeidar, assistent
Oppstart
Etter avtale
Type ansettelse
Vikariat, deltid 80%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Dagaktivitetstilbodet er eit tilbod for personar med mild til moderat utvikla demenssjukdom som bur i eigen heim. Tilbodet held til i <<Blåbygget>> i Sagvåg og hentar brukarar frå heile kommunen. Det er opent kvar vekedag og arbeidstida er frå 08.00 til 15.30. Tilsette hentar brukarane i to store bilar (kan nytte vanleg sertifikat). Brukarane får frukost når dei kjem og etter kvart middag.
Etter frukost vert det ulike aktivitetar som: tur/trim, samtale kring nyhende frå avisa, song, litt matlaging m.m. På fine dagar dreg ein gjerne på tur i distriktet.
Det er ledig miljøarbeider vikariat frå snarast til 30.09.2024, 80% stilling dagtid.
I tillegg søkast det etter både tilkallingsvikarar og ferievikarar til dagtilbodet.
Arbeids- og ansvarsområde:
Samtale med brukarane, ta initiativ til aktivitetar, kunne køyre bil for å hente/ køyre heim brukarar, tilberede måltid/ferdigstille middagar. Følgje til toalett for enkelte brukarar, samt gi litt medisinar.
Kvalifikasjonskrav:
- Interesse for å jobbe med brukargruppa
- Kunne by på seg sjølv og ta initiativ til samtale og aktivitetar
- Sertifikat på bil
- Samarbeide med kollegaer for eit godt arbeidsmiljø.
- Gode norsk kunnskapar for å kunne kommunisere med brukargruppa
- Ansvarsfull og pliktoppfyllande.
- Personlege eigenskapar vil vektleggast
- Ved tilsetjing vil det bli stilt krav om at ein legg fram politiattest av ny dato
Me kan tilby:
- Varierte arbeidsoppgåver i eit tverrfagleg fagmiljø
- Godt arbeidsmiljø
- Stord ve og vel med moglegheit for leige av leilegheiter i Røldal, Husøy med båt og utleige av tilhengarar mm.
- Løns- og arbeidsvilkår i samsvar med kommunalt avtaleverk
Offentlig tenestepensjon i KLP - Kort fortalt
Dersom søkjar ynskjer å verta unnateke frå offentleg søkjarliste, må det grunngjevast. Opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort, sjølv om søkjar har bedt om ikkje å verta oppført på søkjarlista. Søkjaren vert varsla dersom ynskje om reservasjon ikkje vert teke til fylgje.
Kontaktperson: Randi Huglen 53496737
Om bedriften
Stord kommune er ein industrikommune i Hordaland med ca. 19 000 innbyggjarar. Det er stor og variert aktivitet både i arbeidsliv og for fritid. Me har eit rikt kulturliv og det er gode vilkår for idretts- og friluftsliv. Her er flott natur med skog, sjø, vatn og fjell som ligg nær til for trivlege opplevingar og aktivitetar ute. Det er god kommunikasjon til Haugesund, Stavanger og Bergen. Barnehagar og skuleverket har god kvalitet. Me har m.a. vidaregåande skular, allmenn- og førskulelærar-, sjukepleiar- og ingeniørutdanning. Stord sjukehus er lokalsjukehuset for 50000 innbyggjarar i regionen Sunnhordland.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2586970
- Sist endret
18. mars 2024
- Hentet fra
Stillingsregistrering
- Referanse
2fe622c5-c9f5-4b91-ab8f-ae404bfc3877