Assisterande seksjonsleiar
Avdeling for kreftbehandling og medisinsk fysikk/ Kreft Poliklinikk, Helse Bergen
Haukelandsveien 22, 5021 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Assisterande seksjonsleiar
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Avdeling for Kreftbehandling og medisinsk fysikk (Kreftavdelinga) er Vestlandet si regionale kreftavdeling. Vi har ansvaret for dei fleste former for avansert ikkje-kirurgisk kreftbehandling i Helse Vest RHF (Rogaland, Vestland).
Kreft Poliklinikk søker etter Assisterande seksjonsleiar som kan inngå i Poliklinikken sitt leiarteam. Poliklinikken er ei avdeling i sterk vekst med mange tilsette og med høg aktivitet. Vi har fokus på god pasientomsorg og på eit godt arbeidsmiljø.
Vi har ledig 100% fast stilling som Assisterande seksjonsleiar.
Arbeidsoppgåver
- Poliklinikken er inndelt i 2 hovuddelar - konsultasjonsdel og behandlingsdel
- Du inngår i Poliklinikken sitt leiarteam saman med Seksjonsleiar, Assisterande seksjonsleiar og Fagsjukepleiar
- Stillinga inneber også at du kan jobbe som kreftsjukepleiar i avdelinga og at du kan gå inn i pågåande fagutviklingsprosjekt som pågår eller kjem i framtida
Kvalifikasjonar
- Erfaring frå arbeid i poliklinikk er ein fordel
- Erfaring innan leiing og logistikk
- Må ha gode IKT-kunnskapar
- Du har god kjennskap til GAT og Personalportalen
- Norsk autorisasjon som sjukepleiar
- Relevant erfaring innan kreftomsorg
- Vidareutdanning innan kreftsjukepleie, eventuelt anna relevant vidareutdanning
- Det er ønskeleg med erfaring frå arbeid med kreftpasientar og at ein innehar kompetanse innan medikamentell kreftbehandling
- Må meistre godt norsk både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- Du har motivasjon og interesse for fagfeltet
- Du har evne til å ta sjølvstendige avgjerder
- Du har vilje og evne til å tilpasse deg skiftande krav og forhold
- Du bidrar positivt til eit fagleg og kollegialt godt miljø
- Du er punktleg og påliteleg
- Du har engasjement for fagfeltet/pasientgruppa og ønsker å vidareutvikle kompetansen din
- Du behandlar pasientar og tilsette profesjonelt og empatisk, er imøtekommande og viser respekt
- Du trivast med å arbeide i eit tverrfagleg miljø og meistrar høgt tempo
- Du har gode samarbeidsevner, er arbeidsvillig og initiativrik
Vi tilbyr
- Lønn i samsvar med gjeldande overeinskomst
- God opplæring
- Eit aktivt og triveleg arbeidsmiljø
- Fagleg utvikling i det daglege arbeidet
- Høgt fagleg nivå
- Eit engasjert og godt arbeidsmiljø med kompetente og stolte medarbeidarar
- Eit meiningsfylt arbeid som gjev personleg utvikling
Vi oppfordrar alle søkarar til å nytte Vitnemålsportalen for å laste opp vitnemål og karakterutskrifter.
Ved å bruke Vitnemålsportalen sikrar du at dokumenta dine er verifiserte og oppdaterte. Du finn meir informasjon om korleis du brukar Vitnemålsportalen på www.vitnemålsportalen.no. Har du har tatt utdanning i utlandet, må du legge ved godkjenning frå UDIR/Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HR-dir) i søknaden. Om du ikkje finn alle dine relevante vitnemål i Vitnemålsportalen, kan du laste dei opp som eigne vedlegg til søknaden.
Kontaktinformasjon
Tone Bruland Neteland, Seksjonsleiar, 92468182, tone.bruland.neteland@helse-bergen.noArbeidsstad
Haukelandsveien 225021 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Helse BergenReferansenr.: 4855788277
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 19.09.2024
Om bedriften
Helse Bergen, Haukeland universitetssjukehus, har nærare14.000 tilsette som har som mål å gi best mogleg helsehjelp til pasientane våre, og rett opplæring til pasientar og pårørande. Kvart år behandlar vi over 900.000 pasientar og bidreg i utdanninga av fleire tusen helsearbeidarar. Forsking og innovasjon er og viktige oppgåver i sjukehuset. Les meir på www.helse-bergen.no eller facebook.
Helse Vest skal så langt som råd avspegle mangfaldet i befolkninga. Vi ønsker å rekruttere medarbeidarar uavhengig av kjønn med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra i spesialisthelsetenesta.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2736829
- Hentet fra
talentech
- Referanse
8c995fd97af547e0aa3d47514124eaf9