Off. godkjent helsefagarbeidar
Omsorg og sjukeheim, Ørstaheimen avd. Hagestova/Bakketun
Håkonsgata 78, 6150 Ørsta
Om jobben
Stillingstittel
Off. godkjent helsefagarbeidar Hagestova/ Bakketun
Arbeidstid
Turnus
Antall stillinger
1
Ørsta kommune har ledig 80% stillinga for helsefagarbeidar. 40 % av stilling er på dagtid ved dagsenteret Hagestova lokalisert til Ørstaheimen. Det er eit dagaktivitetstilbod til heimebuande med demens og/eller kognitiv svikt. Vi tilbyr faste aktivitetar der mykje er basert på trim, song/musikk, turar m.m. Vi ynskjer at du tek aktivt del i det sosiale arbeidet og at du likar å kommunisere og vere med å skape trivsel og tryggheit i eit aktivt og sosialt miljø.
Stillinga er kombinert med 40 % dag/kveld og helgestilling ved avdeling Bakketun som er ei demensavdeling ved Ørstaheimen. Totalt 80 % stilling.
Vi søkjer etter deg som har helsefaglegbakgrunn, som ynskjer å jobbe med demensomsorg, har engasjement og interesse for faget og som vil vere med å vidareutvikle demensomsorga.
Vi er stolte at å vere ei heilttidskulturkommune og jobbar etter årsplanlegging og oppgåvedeling for å sikre fagkompetanse gjennom døgnet og året. Vi har fokus på gode arbeidsmiljø og behalde tilsette.
Arbeidsoppgåver
- Hagestova er dagsenter for personar med demens og er eit dagaktivitetstilbod til heimebuande personar med demens og/eller kognitiv svikt. Vi tilby faste aktivitetar som mellom anna trim, song/ musikk og turar
- Bakketun er ei døgnbemanna demensavdeling. Vi arbeider etter primærsjukepleieprinsippet og har fokus på ernæring, sosial aktivisering, tillitsskapande arbeid, velferdsteknologi og trivsel for den enkelte.
Kvalifikasjonar
- Vi søkjer etter off. godkjent helsefagarbeidar og som har engasjement og interesse for å jobbe i demensomsorga
- Det er ein fordel å ha kunnskap om demenssjukdomar og miljøterapi i demensomsorga
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at
- du tek aktiv del i det sosiale arbeidet
- du likar å kommunisere og vere med å skape trivsel og tryggleik i eit aktivt og sosialt miljø
- du har noko kunnskap om demenssjukdommar og miljøterapi i demens omsorga
- du er engasjert, fleksibel og har godt humør
- du har evne til skriftleg og munnleg framstilling. Kommunen nyttar nynorsk i all skriftleg kommunikasjon
- du er utviklingsorientert, serviceinnstilt og har gode samarbeidsevner
Vi gjer ei heilskapleg vurdering av søkjarane og personlege eigenskapar vert vektlagde
Vi tilbyr
- Vi kan tilby eit godt arbeidsmiljø med engasjerte, dyktige og stolte medarbeidarar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar i KLP
- Utfordrande og varierte arbeidsoppgåver
Arbeidsvilkår: 40 % dagtid på Hagestova og 40% dag/kveld inkl. helg på Bakketun
Stillinga er plassert i HTA kap. 4GR 1.2 Fagarbeidarstilling
Stillingskode: 7174 helsefagarbeidar
Tilsetting i samsvar med gjeldande lov-, forskrift og avtaleverk. Prøvetid i faste stillingar er 6 månader.
Søkjarane vert vurderte ut frå ei samla vurdering av formelle kvalifikasjonar, erfaring frå relevant arbeid og personlege eigenskapar
Aktuelle kandidatar kan verte kalla inn til intervju. Referansar vert nytta.
Vi ønskjer mangfald og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje uavhengig av alder, kjønn, etnisitet og funksjonsnedsetjing.
Dokumentasjon
Framlegging av vitnemål og attestar saman med søknaden er ein føresetnad for best mogleg sakshandsaming. Vitnemål og attestar dannar grunnlag for fastsetjing av ansiennitet og rett løn. Vi ber om at attestar og vitnemål vert lasta opp som vedlegg til søknaden din.
Om offentleglova
I samsvar med offentleglova § 25, kan opplysningar om søkjaren unnatakast offentleg søkjarliste, dersom søkjaren sjølv oppmodar om dette. Den som ønskjer at namnet skal vere unnateke offentleg søkjarliste må grunngje dette. Søkjaren sine behov vil verte vurdert konkret opp mot omsynet til offentleg interesse og kravet om ålment innsyn. Elles vil oppmodinga verte vurdert i høve prinsippet om meirinnsyn på vanleg måte. Dersom kommunen meiner at det ikkje er grunnlag for fritak, vil søkjaren verte kontakta og få tilbod om å trekkje søknaden før endeleg søkjarliste vert laga.
Kontaktinformasjon
Kyrre Skavøy, Avd.leiar, 48 12 38 01, kyrre.skavøy@orsta.kommune.noWenche Flo, Tenesteleiar, 95 71 21 20, wenche.flo@orsta.kommune.no
Arbeidsstad
Håkonsgata 786150 Ørsta
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Ørsta kommuneReferansenr.: 4852259002
Stillingsprosent: 80%
Fast
Søknadsfrist: 12.10.2024
Om bedriften
Ørsta
kommune er med om lag 11 000 innbyggjarar ei av dei største kommunane i Møre og Romsdal. Kommunen har ein variert arbeidsmarknad og
næringsliv. Den gode geografiske plasseringa
vår i lina mellom Eiksundsambandet og Kvivsvegen gjev også kort veg til anna
næringsliv i regionen Søre Sunnmøre/Nordfjord, og til utdanningstilbod i Ørsta
og Volda. Kommunen har gode kommunikasjonar. Flyplassen har fleire
daglege direkteruter til Oslo og Bergen.
Arbeidet vårt byggjer på kommunen sine verdiar:
Tillit - gjennom gjensidig respekt, forståing og likeverd
Energi - gjennom entusiasme, inkludering og humor og glede
Løysingsvilje - gjennom lagånd, tydelege mål og meiningsfylte oppgåver
Utvikling - gjennom medverknad, tilbakemelding og verdsetjing av kunnskap
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2732286
- Hentet fra
talentech
- Referanse
747aa977f090498eb799504132f60c90