Sjukepleiar
Me søkjer etter ny kollega til Heimetenesta i Sveio kommune, fast sjukepleiarstilling frå 75 -100 %.
Heimetenesta har heimesjukepleie, praktisk bistand og dagtilbod under sitt ansvarsområde. Heimetenesta har base på sjukeheimen i Sveio og server innbyggjarane frå Tittelsnes i nord til Vikse i sør. Basen ligg om lag 17 minutt frå Haugesund og 25 minutt frå Stord. Avdelinga har eit godt arbeidsmiljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt mot nytilsette, og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivs og kjenn deg trygg i avdelinga. Turnus er todelt dag/kveld og me har årsturnus som går over 52 veker.
Arbeidsoppgåver
- I Heimetenesta jobbar me aktivt for at brukarane skal meistre å bu heima så lenge som mogeleg
- Mange spennande faglege utfordringar i tenesta der brukarane har eit alderspenn frå 0-100 år
- Heimetenesta arbeider tverrfagleg med andre einingar i kommunen som bl.a tenestekontor, psykisk helse, hjelpemiddel lager, fysio/ergo og sjukeheim
- Me bruker Cosdoc som elektronisk journalsystem og multidosesystem i forhold til medisinering
- Sjukepleiar har ansvar for medisinskfaglege oppgåver
- Sjukepleiar skal vera ein pådrivar for å leggje til rette og bidra til at brukarane opplev tryggleik og mestring
- Rettleiing av sjukepleiarstudentar
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar
- Personlege eigenskapar
- Sertifikat klasse B
- Godkjent politiattest
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Intiativrik
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus
- Ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø, og ein god læreplass for elever og studentar (framtidige kollegaer)
Vi tilbyr
- Faste fagdagar
- Årsturnus over 52 veker med planlagt ferie, høytid og helgearbeid.
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
- God offentleg pensjonsordning
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår
- Leasing bil
- Bedriftshelsetjeneste
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Hildegunn Lindaas, Einingsleiar Heimetenesta, 53 74 82 30Arbeidsstad
Løkjavegen 355550 Sveio
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Sveio kommuneReferansenr.: 4616897584
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.02.2023
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.