Rektor ved Ytre Herøy Ungdomsskule
Herøy kommune, kultur og oppvekst
Lisjebøvegen 14, 6091 Fosnavåg, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Rektor Ytre Herøy Ungdomsskule
Oppstart
1. august 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 3. mars
Er du ein engasjert og inkluderande leiar som brenn for å skape eit godt læringsmiljø? Vi har ledig stilling som rektor ved Ytre Herøy ungdomsskule frå 1. august 2025. Vi ser etter deg som har gode leiareigenskapar og har eit sterkt engasjement for elevane si læring og trivsel.
Ytre Herøy ungdomsskule har vel 30 tilsette og 250 elevar. Skulen ligg sentralt på Bergsøya – midt i eit pulserande område med kulturhus, badeland, idrettsanlegg, vidaregåande skule, barnehagar, barneskule med meir.
Som rektor vil du leie eit målretta utviklingsarbeid for å fremje læring og trivsel, saman med dyktige tilsette. Kompetansenivået på skulen er høgt, og samhaldet er sterkt. Du tek del i avdelingsleiar grunnskule/PPT si leiargruppe som rapporterar til kommunalsjef kultur og oppvekst.
Arbeidsoppgåver
- leie skulen slik at du fremjar gode arbeids- og læringsmiljø for elevar og tilsette
- økonomistyring
- personalleiing
- HMS og internkontroll
- dagleg drift
- pedagogisk utviklingsarbeid
Kvalifikasjonar
- høgare utdanning innan pedagogikk, gjerne også leiing
- fleire års erfaring frå grunnskulen, både som lærar og leiar
- erfaring med å leie utviklingsarbeid
- tydeleg munnleg og skriftleg kommunikasjon på norsk, internt og eksternt
- god digital kompetanse
- god økonomiforståing
Vi ber om at du lastar opp vitnemål og attestar i Webcruiter saman med søknaden. Godkjent politiattest må leggast fram før tilsetting.
Personlege eigenskapar
Ein leiar som:
- er god på relasjonsleiing og oppteken av relasjonar mellom elevar, tilsette og heimar
- er god på samhandling, men er også sjølvstendig
- har eit positivt og reflektert elevsyn
- ser verdien av tverrfagleg samhandling rundt eleven
- er samlande og tydeleg
- er fleksibel og kan gå inn i det breie spekteret av oppgåver som hamnar under rektor sitt ansvar
- er systematisk og effektiv
- har engasjement for å sikre elevar og tilsette eit godt arbeids- og læringsmiljø
Vi legg stor vekt på personlege eigenskapar og referansar, i tillegg til den formelle kompetansen.
Vi tilbyr
- ei variert og utviklande stilling, med stor breidde i arbeidsoppgåver internt og eksternt
- eit støttande leiarfellesskap med høve til læring og utvikling
- ein arbeidsgivar med fokus på kvalitet og trivsel
- gode pensjons- og forsikringsordningar
Vi tilset på dei vilkåra som går fram av gjeldande tariffavtale, lover og reglement. Søkarlista kan verte offentleg. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju.
Kontaktinformasjon
Hilde Hestås, Avdelingsleiar grunnskule/PPT, +47 97542422Arbeidsstad
Lisjebøvegen 146091 Fosnavåg
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Herøy kommuneReferansenr.: 4914192761
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.08.2025
Søknadsfrist: 03.03.2025
Kontaktperson for stillingen
Hilde Hestås
Avdelingsleiar grunnskule/PPT
+47 97542422
Om bedriften
Herøy kommune er perla ytst mot storhavet på Sunnmøre. Det er nær 9000 innbyggarar i Herøy. Arbeidsmarknaden i regionen er stor og variert. Herøy er spesielt kjent for å skape verdiar frå hav og fiske.
Frå Fosnavåg, kommunesenteret vårt, tek det 45 minutt å køyre til Ørsta-Volda lufthamn. Til Ålesund kjem du deg på under halvannan time.
Kommunen sin visjon er "ei båtlengd føre". Kjerneverdiane våre er respekt, tillit og samhandling. VI er om lag 750 tilsette i kommuneorganisasjonen.
I Herøy har vi eit breitt kultur-, fritids- og idrettstilbod med festivalar og arrangment for alle. Naturen og kysten vår er vakker. Øya Runde, med det mektige fuglefjellet, er vi ekstra stolte av !
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2851857
- Hentet fra
talentech
- Referanse
a603ef54e10640c284d8637db87f526d