Sjukepleiar - fast 65% - Psykisk helse og rus, heildøgnstenester avd. Manger
Alver kommune
Kyrhovden 3A, 5936 Manger, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar - 65% fast - Psykisk helse og rus, heildøgnstenester avd. Manger
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 13. januar
Om stillinga
Vi har ledig ein 65% fast stilling som sjukepleiar i langvaktsturnus. Vaktlengde er 12,5 timar med arbeid kvar 4 helg. Stillinga er for tida knytt til Hovden omsorgsbustad pluss.
Om heildøgnstenester avd. Manger
Psykisk helse og rus avd. Manger er eit heildøgnsbemanna butilbod som består av Radøy interkommunale busenter og Hovden omsorgsbustad +. Avdelinga gjev butilbod til 11 brukara. Målgruppa er mennesker med psykiske lidingar og ROP-lidingar med behov for tenester og tilsyn gjennom døgnet.
Tenesta har som mål å skape gode og trygge butilhøve, stabilitet og tilpassa tenester for den einskilde. Målet er å hjelpe enkeltmenneske til å leve eit sjølvstendig og godt liv i eigen leilegheit, med tilpassa oppfølging.
Arbeidsoppgåver
Som sjukepleiar vil du arbeide med miljøarbeid og individuell oppfølging av brukar i eige bumiljø. Du vil drive med relasjonsarbeid, gje naudsynt helsehjelp, ha samtalar og aktivitetar etter vedtak tilpassa den einskilde.
Kvalifikasjonskrav
Krav til kompetanse- Autorisert sjukepleiar
- Sertifikat klasse B
- Erfaring frå arbeid innan fagfeltet psykisk helse og rus
Kven er du?
Vi ser etter deg som:
- likar å arbeide med menneske og har engasjement for fagfeltet psyksisk helse og rus
- er trygg i deg sjølv og i møte med andre
- arbeidar godt i team og er ein bidragsyter i eit godt arbeidsmiljø
Ved tilsetjing vert det lagt avgjerande vekt på personaleg eignaheit
Politiattest
I tråd med helse- og omsorgstenestelova § 5-4 vert det stilt krav om tilfredsstillande politiattest ved tiltrede.
Vi tilbyr
- Løn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk
- Som sjukepleiar i Alver kommune får du 10 000,- over garantiløn
- Godt arbeidsmiljø
- Fagutvikling
- Rettleiing
- Tilsetjing ihht gjeldande avtaleverk
- Pensjonsordning i KLP
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Tenesteområde psykisk helse og rus gjev tenester i heile Alver kommune. Tenesta har som mål å sikre likeverdige tenester utifrå den einskilde brukars individuelle behov. Hovudoppgåva er psykisk helsearbeid til unge og vaksne, som har eller er i ferd med å utvikle psykisk liding og/eller rusliding.Tilbodet vert gitt som individuell oppfylging, gruppetilbod, heildøgnsbemanna butilbod og ulike arbeid- og aktivitetstilbod. Tenesta har fleire lågterskeltilbod. Brukarmedverknad, meistring og recoverybaserte metodar er viktige rettesnorer i vårt arbeid.
Sektor
Offentlig
Nettsted