100% fast stilling som lærar i realfag
ARD - ÅRDAL VGS, Vestland fylkeskommune
6884 Øvre Årdal
Om jobben
Stillingstittel
100% fast stilling som lærar i realfag
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Årdal vidaregåande skule har 40 tilsette og om lag 150 elevar. Skulen har totalt 10 klassar med tilbod innan studiespesialisering, industriteknologi, kjemiprosess- og laboratoriefaget, elektro og datateknologi og automatisering. Skulen er lokalisert i Øvre Årdal. Vi legg vekt på å skape gode læringsmiljø for elevane og eit godt arbeidsmiljø for dei tilsette.
Ved skulen er føljande stilling ledig frå 01.08.2024:
100% fast stilling som lærar i realfag
Arbeidsoppgåver
- Planlegging og gjennomføring av undervisning
- Vurderingsarbeid
- Vere ein bidragsytar i tverrfagleg samarbeid og klasseteam.
- Til stillinga må du som søkjar vere førebudd på å vere kontaktlærar.
- Stillinga vil vere retta mot undervisning på både studiespesialiserande og yrkesfagleg programområde.
Kvalifikasjonar
Vi søkjer ein person med relevant utdanning frå høgskule/universitetsnivå i følgjande realfag:
- matematikk
- fysikk
- teknologi og forskingslære
Det er ønskjeleg med praktisk-pedagogisk utdanning, men vi oppfordrar alle med relevant utdanning/og eller erfaring til å søkje.
Ved tilsetjing av kandidatar utan praktisk-pedagogisk utdanning er det eit krav om fullført PPU innan tre år.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer ein person som:
- har gode samarbeids- og kommunikasjonevner.
- er engasjert og positiv - med ønskje om å formidle kunnskap og bidra til eit godt læringsmiljø
- har eit positivt elevsyn
- er utviklingsorientert og kvalitetsbevisst både fagleg og personleg
- er tilpassingsdyktig
Vi tilbyr
- Positivt arbeidsmiljø med kunnskapsrike og engasjerte kollegaer
- Løn etter kvalifikasjonar
- Gode pensjons- og forsikringsordningar
Administrasjonsmålet i fylkeskommunen er nynorsk. Alle tilsetjingar vert gjort med ei prøvetid på 6 månader. Det vert teke atterhald om tilsetjing, då overtalige ved andre skular kan ha førerett til stillingen. Den som vert tilsett må legge fram politiattest. Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2.ledd kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om ikkje å bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista vert offentleggjort.
Kontaktinformasjon
Geir Kjetil Øvstetun, rektor , 90694334Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4818560152
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 05.06.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, funksjonsevne eller seksuell legning. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2658862
- Sist endret
6. juni 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
23115344d49d4213b79bdf794a601938