Sjukepleier i Heimetenesta
Austrheim kommune
Sætremarka 2, 5943 Austrheim
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleier i Heimetenesta
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Om stillinga
Har du lyst til å arbeide som Sjukepleiar i Heimetenesta? Me har ledig stilling på dag/kveld med arbeid 4. kvar helg. I Heimetenesta arbeidar alle langvakter på helg, noko som er spanande og framtidsretta.
Heimetenesta er organisert i ei sone, med oppmøtestad i underetasjen på Nordliheimen sjukeheim. Me nyttar Visma Profil, og me har stort fokus på gode tenester til heimebuande og bruk av velferdsteknologi i tenesteytinga. Digitalisering og bruk at ny teknologi er viktige satsningar for framtida i Austrheim.
Som sjukepleiar er du ein del av eit tverrfagleg team som er oppteken av kvalitiet og fagutvikling. Det tverrfaglege samarbeidet er godt forankra som eit ledd i helse- og omsorgstenesta sitt arbeid med kvalitetsforbetring.
Arbeidsoppgaver
- Pasientretta arbeid knytt til pleie, omsorg og behandling for dei som bur i eigen heim
- Samarbeid med pasient, pårørende og kollega
- Rapportere og dokumentere i tråd med interne rutinar og gjeldande lovverk
- Halde deg fagleg oppdatert og bidra til fagleg utvikling
- Være med å videreutvikle digitalisering av tenestene og utvikling av velferdstekonologi i kommunen
- Varierte arbeidsoppgåver
Kvalifikasjonskrav
- Autorisert sjukepleiar
- Førerkort klasse B
- Gode norskkunnskaper, skriftleg og munnleg
- Gyldig politiattest
- Personlege eigenskaper vil bli vektlagt
Personlege eigenskaper
- Du trivst å arbeida med eldre og personar med samansette hjelpebehov
- Du trivst med ansvar og utfordringar
- Du vektlegg trivsel, kvalitet og samarbeid
- Du er trygg på deg sjølv og kan arbeida sjølvstendig og i team
- Du har gode samarbeidsevner
- Du er løysningsorientert
Vi tilbyr
- Engasjerte, flotte og framtidsretta kollegaer
- Eit positivt og inkluderande arbeidsmiljø
- Ein aktiv kvardag med mange spanande og varierte utfordringar
- Fagleg utvikling
- Moglegheit for vidareutdanning
- God pensjonsordning gjennom KLP
- Tilsetjing i samsvar med gjeldande lov- og avtaleverk
Heimetenesta på jobb
Flotte damer som har det kjekt på jobb!
I heimetenesta har vi eit godt arbeidsmiljø - som vi håpar akkurat du vil vere med i!
Om bedriften
Austrheim kommune (ca. 3000 innb.) Tett på Bergen og industrieventyret på Mongstad, er utgangspunktet for utvikling av framtidskommunen til stades. Naturen og kulturen i det særprega kystsamfunnet er kanskje det viktigaste grunnlaget for gode liv i Austrheim - både om du flyttar hit for ein spennande jobb, eller om du ynskjer å vere med å skape livskvalitet for dei som allereie bur her.
Austrheim inviterer deg til opne landskap - med eit ope sinn!
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2631488
- Sist endret
14. mai 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10207714