Driftsingeniør
Sygnir AS
Aurland, Lærdal, Sogndal, Vik i Sogn og Balestrand
Om jobben
Stillingstittel
Driftsingeniør
Type ansettelse
Annet, heltid 100%
Antall stillinger
1
Driftsingeniør
Bli med å skapa den fornybare framtida!
Ynskjer DU:
- ein arbeidsplass som er sentral for det grøne skiftet og som spelar ei viktig rolle i regional utvikling av Sogn?
- å auka din kompetanse og personlege utvikling?
- å jobba framoverretta med store satsingar i eit sosialt og produktivt arbeidsmiljø?
Då er Sygnir arbeidsplassen for deg!
Sygnir skal fornya og modernisera det brattaste straumnettet i Norge. Her vil du vera ein del av teamet i Nettstyring som arbeider med drift, forvaltning og beredskap av nett med spenningsnivå opp til 132kV. Dette omfattar alt i frå nettkvalitet og sikkerheitsoppfylging til vern og avansert overvaking/digitalisering. Her er det stor grad av proaktivt arbeid i samspel med prosjektteamet som leier utbygging av nettanlegga.
Basert på din kompetanse, erfaring, og interesse, vil me drøfta di rolle, ansvarsområde, og personleg utvikling nærare. Det er moglegheit for utvida ansvarsområde og personalansvar.
Kvalifikasjonskrav
- Bachelor eller mastergrad innan elkraft/elektrofag
- Fordel med erfaring som er relevant for stillinga
- Brei erfaring/kompetanse kan erstatte manglande formell utdanning
- Gjerne fagbrev innan elektro
Om Sygnir
Sygnir er ein del av Sognekraft-konsernet som er ein drivkraft i Sogn. Her møtes natur og teknologi. Me har eit straumnett på om lag 2500 km og 14000 nettkundar. Arbeidsplass vil vera på ein av våre lokasjonar i konsesjonsområdet som omfattar kommunane Aurland, Lærdal, Sogndal og Vik i Sogn.
Interessert?
For meir informasjon om stillinga, ta kontakt med seksjonsleiar for nettstyring, John Kroken, på tlf. 907 66 994.
Om bedriften
Sygnir
Vil du vere med på laget til ei verksemd i stadig vekst? Ha ein arbeidsgjevar som trur på framtida og som torer å satse?
Då kan Sognekraft konsernet vera verksemda for deg. I Sognekraft-konsernet er me om lag 150 ihuga medarbeidarar.
Sygnir leverer ei stabil og sikker straumforsyning til nettkundane i vakker og utfordrande vestlandsnatur. Klimautfordringa har ført til eit stort behov for fornybar energi og forbruket aukar stadig. Sygnir byggjer ut regional- og distribusjonsnettet i Sogn, med stor vekt på effektiv drift. Me i Sygnir er 80 medarbeidarar i Sogndal, Vik, Balestrand, Lærdal og Aurland som har tru på ei framtid som etterspør rein energi.
Elektrifiseringa aukar behovet for fornybar energi og Sygnir byggjer ut framtidsretta straumnett i Sogn.
Sektor
Privat