Kyrkjelydspedagog/trusopplærar i Orre kyrkjelyd
Org. nr: - Stillingsident: 4239577106 Presentasjon av stillingen:
Klepp kyrkjelege fellesråd søkjer etter kyrkjelydspedagog/trusopplærar i 35 % fast stilling.
Det er no ute annonse for fleire stillingar knytt til Orre kyrkjelyd. Dette skuldast at ein tilsett har gått over i ei anna stilling, og at ein omorganiserer og satsar litt nytt. Det er mogleg å søkje på fleire av stillingane for å få ein større stillingsprosent. Dersom søkjar har god IT- kompetanse, vil det vere høve til å få auka stillingsprosenten med arbeidsoppgåver innan IT i fellesrådet. Dette må kome fram av søknaden.
Orre sokn disponerer 2 kyrkjebygg. Orre gamle kyrke, som er bygd ca 1250, og Orre kyrke som er bygd ca 1950. I tilknyting til kyrkja i sentrum er det nyleg opna ny kyrkjelydssal og soknerådet har eit sterkt ønske om å styrke aktivitetane her med trusopplæringsaktivitetar og lågterskeltilbod spesielt retta mot ungdom.
Klepp kommune har omlag 19 000 innbyggjarar og ligg på Jæren, 25 km sør for Stavanger.
Klepp kyrkjelege fellesråd består av fire sokn: Bore, Klepp, Orre og Frøyland og Orstad.
Kyrkjelydspedagog/trusopplærar har kontor på Klepp kyrkjekontor i Kleppekrossen, men det er òg kontorplass i Orre kyrkje som kan disponerast. Ein må rekne med at mykje av arbeidstida vil vere i kyrkja.
Les om kyrkjelyden på https://www.facebook.com/groups/790453001033014/.
Arbeidsoppgåver
Arbeidsoppgåvene i stillinga er knytt til aldersgruppa 0-14 år, samt familiearbeid.
- Oppfylging og gjennomføring av trusopplæringstiltak i tråd med lokal plan.
- Drive informasjons- og profileringsarbeid for trusopplæringstiltaka og barne- og familiearbeidet.
- Drive og gjennomføre trusopplæringstiltak. For tida har vi:
Dåpskurs, dåp, Legoklubb, bygge bro, dåpsskule, 123 spira-gudsteneste, tårnagenthelg, konfirmasjon, bølger og bål, 2-årsfest, skulestart, hausttakk, 4-års bok, LysVaken
- Delta i planlegging og gjennomføring av familiegudstenester og dåpskurs saman med prest.
- Rekruttere, fylgje opp, inspirere og dyktiggjere frivillige.
- Dei øvrige arbeidsoppgåvene vert tilpassa den som vert tilsett, og stabssamansetjinga.
Kvalifikasjonar
- Relevant høgare utdanning med kristendom/teologi og pedagogikk i fagkrinsen.
- Erfaring frå kyrkjelydsarbeid mellom born og unge.
- Kunne kommunisere godt på norsk, skriftleg og munnleg.
- Medlem av Den norske kyrkja.
Personlege eigenskaper
- Evne til å arbeide sjølvstendig og samtidig inspirere, kommunisere og samarbeide godt med målgruppene, frivillige og stab.
- Engasjert, initiativrik, fleksibel, strukturert og heilskapstenkjande.
- Det vil verte vektlagt om søkjaren er personleg eigna til stillinga.
Me kan tilby:
- Spanande stilling i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn etter gjeldande tariff.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Anna:
- Søkjar må kunne disponere bil.
- Ein må rekne med noko arbeid på ettermiddags-/kveldstid, samt noko helgearbeid.
- Den som får tilbod om stillinga må leggje fram godkjend politiattest før tilsetjing.
- Tiltreding snarleg
Kontaktinformasjon
Hilde Norland Djønne , Fungerande kyrkjeverje , 481 25 450
Arbeidsstad
Orre kyrkje, Åsevegen 37
4343 Orre
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Klepp kyrkjelege fellesråd
Referansenr.:4239577106
Stillingsprosent: 35%
Fast
Søknadsfrist: 09.06.2020
Om bedriften
null