Kommunikasjonsrådgjevar
Høgskulen på Vestlandet, Avdeling for kommunikasjon, har ledig fast stilling i 100% som kommunikasjonsrådgjevar.
Avdelinga legg til rette for at HVL er ein synleg og attraktiv institusjon regionalt, nasjonalt og internasjonalt. Vi arbeider for effektiv kommunikasjon internt og eksternt.
Ansvars- og arbeidsoppgåver:
Som rådgjevar vekslar du mellom fleire spennande kommunikasjonsaktivitetar. Du vil mellom anna jobbe med intern kommunikasjon, sosiale medier og formidling. Du vil også ta del i ulike prosjekt og oppgaver på tvers av avdelinga og høgskulen.
Arbeidssted er Stord.
Kvalifikasjonskrav:
Formell utdanning og kompetanse:
Søkjar må ha høgare relevant utdanning frå universitet eller høgskule på minimum bachelorgradsnivå og eit stort engasjement for høgskulens samfunnsoppdrag.
Du må kunne arbeide sjølvstendig og ha god skriftleg uttrykksevne, spesielt på nynorsk. Du må ha god forståing for digitale kommunikasjonsflater.
Personlege eigenskapar:
Vi ser etter ein omgjengeleg og initiativrik medarbeidar som meistrar balansen mellom det å vera operativ med dagleg innhaldsproduksjon og strategisk planlegging og rådgjeving. Personlege eigenskapar blir tillagd stor vekt, og våre medarbeidarar skal bidra til eit godt arbeidsmiljø.
Den beste kandidaten har dokumentert ei god strategisk kommunikasjons- og formidlingsevne, er positiv, fleksibel, serviceinnstilt og engasjert.
Vi tilbyr:
- Gode pensjons-, forsikrings-, og låneordningar i Statens pensjonskasse
- Spennande fagmiljø med moglegheit for kompetanseheving - og utvikling
- Høve for trening i arbeidstida
Stillinga som kommuniasjonsrådgjevar er løna etter Statens lønsregulativ, i stillingskode 1434- Rådgjevar.
Frå løna vil det bli trekt 2 % innskot til Statens pensjonskasse.
Korleis søke på stillinga?
Send søknad og CV ved å klikke på knappen merka ”Søk stilling” på denne sida.
Det er søkjar sitt ansvar å sørgje for at alle relevante vedlegg er lagt inn innan fristen, som attester og vitnemål. Dersom vitnemål, karakterutskrifter eller anna dokumentasjon ikkje er på eit skandinavisk språk eller engelsk, må søkjar sjølv laste opp attesterte omsetjingar. Dersom vedlegga overskrid 50 MB må dei komprimerast før opplasting eller leggjast ved som lenkje.
Søknadar kan ikkje sendast på e-post til enkeltpersonar ved høgskulen.
Generell informasjon:
Vi gjer merksam på at unntak frå den offentlege søkjarlista blir handsama etter reglane i Offentleglova. Søkjarar som har bede om slikt unntak, blir varsla dersom ønskje ikkje vert teke til følgje.
Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er derfor eit personalpolitisk mål å oppnå ei balansert alders- og kjønnssamansetjing og rekruttere personar med minoritetsbakgrunn, nedsett funksjonsevne og hol i CV.
Kontaktperson ved Høgskulen på Vestlandet er:
1) Avdelingsleder - Avdeling for kommunikasjon, Svein Ove Eikenes
telf: +47 53 49 14 13
2) Nestleder - Avdeling for kommunikasjon, Helge Olsen
telef: +47 55 58 75 54
Samspel, berekraft og nyskaping
Samspel, berekraft og nyskaping skal kjenneteikne alt vi gjer.
Vi skal bli eit universitet med ein tydeleg profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Om bedriften
Dette er Høgskulen på Vestlandet
Høgskulen på Vestlandet (HVL) er ein av dei største høgskulane i landet, med om lag 1 800 tilsette og 16 000 studentar fordelte på fem campus i Førde, Sogndal, Bergen, Stord og Haugesund.
Vi har sterke og innovative fagmiljø innan helse- og sosialvitskap, ingeniør- og naturvitskap, økonomi og samfunnsvitskap, og lærarutdanning, kultur og idrett. HVL tilbyr bachelor-, master- og doktorgradsutdanningar og ulike årsstudium.
HVL er tett på arbeidslivet, regionen og studentane, og har mål om å bli eit universitet med profesjons- og arbeidslivsretta profil.
Avdeling for kommunikasjon har ansvar for å leggje til rette for at HVL blir ein synleg og attraktiv institusjon både regionalt, nasjonalt og internasjonalt, og sørgje for ein effektiv kommunikasjon internt og eksternt.