Sommarvikarar 2025
Gulen kommune
Dalsøyra og Hovden barnehage , 5960 Dalsøyra, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Dalsøyra barnehage og skule. Sommarvikarar 2025
Type ansettelse
Fast, deltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
4
Søk på jobben
Søk senest søndag 2. mars
Barnehagen på Dalsøyra og i Hovden, samt SFO treng sommarvikarar
Eining Dalsøyra barnehage og skule, avdeling barnehagane på Dalsøyra og i Hovden, samt SFO treng sommarvikarar. I hovudsak vil det vere snakk om arbeid frå veke 26 til veke 32. Skriv i søknaden din kva veker du kan jobbe og om det er snakk om barnehage eller SFO.
Her kan du lese meir om eininga: Dalsøyra skule - Gulen kommune, Dalsøyra barnehage - Gulen kommune, Hovden barnehage - Gulen kommune
Søk då vel!
Arbeidsoppgåver
- Medverke til at eininga er ei god pedagogisk verksemd
- Medansvar for tilsyn, omsorg og pedagogisk arbeid med barna
- vere til stades for borna
- vere engasjert i borna
- passe på så ingen fell utanfor
- sette deg godt inn i alle rutinar
- andre praktiske oppgåver
Kvalifikasjonar
- Det er ynskjeleg med relevant utdanning og erfaring, men andre kan også søkje
- Det kan vere ein fordel om søkjar har førarkort kl B
Personlege eigenskapar
- Vi ynskjer ferievikarar som er fleksible, stabile, tar initiativ og ynskjer å bidra til å gje gode tenester til barna
- Kan bidra til eit godt og stabilt arbeidsmiljø for born og vaksne
- Å vere personleg eigna kan verte vektlagt ved tilsetjing
Anna
- Tenestespråket i Gulen kommune nynorsk
- Tilsetjing etter gjeldande lover, føresegner og avtalar
- For tilsetjing innan Miljøtenesta, pleie og omsorg og i skule og barnehage vert det stilt krav om politiattest
- Vi gjer merksam på at søkjarliste med namn, kjønn, alder og noverande stilling er offentleg informasjon. Dersom søkjarar likevel ber om konfodensiell handsamling, og grunnen for å unnta offentleggjering ikkje vert godkjent får søkjaren høve til å trekke søknaden sin før offentleggjering.
- Løn etter tariff
Kontaktpersoner for stillingen
Inga Sigurbjörnsdôttir
Avdelingsleiar Hovden barnehage
+4745255885
Anne Marit B. Oppedal
Avdelingsleiar Dalsøyra barnehage
+4799247119
Om bedriften
Gulen kommune ligg vakkert til ved innløpet til Sognefjorden. Kommunen består av både fjell- og kystlandskap, med 1500 øyer, holmar og skjær, som innbyr til eit aktivt friluftsliv både på land og ved sjøen.Kommunen har 2230 innbyggjarar, ledige barnehageplassar, og er eit godt oppvekstmiljø for barn og unge. Sjå Gulen kommune for meir informasjon.
Sektor
Offentlig
Nettsted