Barnehagelærarar og støttepedagogar
Org. nr: - Stillingsident: 4193544739 Presentasjon av stillingen:
I Volda kommune kan det frå 1. august 2020 verte ledig både faste stillingar og vikariat i dei 8 kommunale barnehagane. .
Behovet ved den einskilde barnehage vert klart etter samordna barnehageopptak og tildeling av støtteressurs for barnehageåret 2020/2021. Tilsetjing vil skje samanhengande og fortløpande fram til barnehagestart.
Sektor for oppvekst sin visjon er: Volda kommune har trygge barn og unge som deltek, meistrar og lærar.
Visjonen skal vere ei inspirasjonskjelde for alle tilsette i sektoren vår. I barnehagane vert det arbeidd med å ta i vare og vidareutvikle gode læringsmiljø som sikrar barna ei god psykisk og fysisk helse, og i botn for dette arbeidet ligg ei forventning om god relasjonskompetanse hos våre tilsette.
Fleire av barnehagane våre er praksisbarnehagar, og dei som får tenestestad ved desse må vere budde på å ta på seg rettleiingsoppgåver for studentar.
Det kan verte aktuelt med intervju, både gruppeintervju og individuelle intervju. Førebels aktuelle datoar for dette er 18.03 og 31.03. Andre datoar kan og verte aktuelle.
Tilsetjing skjer i samsvar med gjeldande lov, forskrift og avtaleverk. Dei som vert tilsette, må legge fram tilfredstillande politiattest av nyare dato og utfylt tuberkolose og MRSA-skjema for styrar, jf barnehagelova §19 og §23.
Arbeidsoppgåver
Barnehagelærarar:
Som barnehagelærar har du eit medansvar for:
-
å prioritere barna sin leik, læring og medverknad i ein hektisk kvardag i nært samarbeid med pedaogisk leiar
-
å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø for det einskilde barn og barnegruppa i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
-
tverrfagleg arbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar
-
utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
-
å delta på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid samt halde deg fagleg oppdatert
-
at personalet arbeidar mot felles målsetjingar
-
opplæring og rettleiing av medarbeidarar
-
å vere ein aktiv bidragsytar i å utvikle eit godt arbeidsmiljø
Du vil få delegert arbeidsoppgåver frå styrar og pedagogisk leiar.
Støttepedagogar:
Som støttepedagog har du eit medansvar for:
-
å prioritere barna sin leik, læring og medverknad i ein hektisk kvardag i nært samarbeid med pedaogisk leiar
-
å legge tilrette for eit godt og trygt omsorgs- og læringsmiljø for det einskilde barn og barnegruppa i nært samarbeid med barn, foreldre og kollegaer
-
legge til rette for at barnet/barna som treng støtte i kvardagen, får eit best mogleg pedagogisk tilbod med vekt på inkludering i barnegruppa
-
tverrfagleg arbeid i nært samarbeid med pedagogisk leiar og spesialpedagog
-
utvikling av barnehagen som pedagogisk verksemd
-
å delta på møte, kurs, endrings- og utviklingsarbeid samt halde deg fagleg oppdatert
-
opplæring og rettleiing av medarbeidarar
-
å vere ein aktiv bidragsytar i å utvikle eit godt arbeidsmiljø der vi utvikler, ser og oppmuntrar kvarandre
Du vil få delegert arbeidsoppgåver frå styrar, pedagogisk leiar og spesialpedagog.
Kvalifikasjonar
Du har:
-
godkjent utdanning som barnehagelærar
-
gode evner til kommunukasjon
-
god framstillingsevne munnleg og nynorsk skriftleg
Vi ser det som ein fordel at du har rettleiingskompetanse.
Det er positivt om du har kompetanse og interesse i estetiske fag, friluftsliv, IKT, realfag, kompetanse for mangfald og språk.
Personlege eigenskapar
Du :
-
prioriterer barna sin leik, læring og medverknad i ein hektisk kvardag
-
har evne til å bygge gode relasjonar og bidra til eit positivt arbeidsmiljø
-
har evne til å lytte og søkje gode løysningar
-
har høg fagleg kompetanse og evne til refleksjon om eigen og felles praksis
-
er engasjert og motivert i arbeid med barn, foreldre og kollegaer
-
er ein tydeleg og autoritativ vaksen
-
er endrings- og utviklingsorientert
-
kan arbeide sjølvstendig og systematisk samtidig som ein søkjer samarbeid med kollegaer for å nå felles mål
Vi tilbyr
Vi kan tilby:
- utfordrande og spennande oppgåver i barnehagar som er i stadig utvikling
- eit kreativt og samarbeidande miljø med gode moglegheiter for fagleg utvikling
Stillingane er plassert i kap 4, lønsplassering og stillingskode vert fastsett ved tilsetjing. Volda kommune har god, offentleg pensjonsordning i KLP.
Kontaktinformasjon
Bodil Brautaset
Arbeidsstad
Stormyra 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgjevar:Volda kommune
Referansenr.:4193544739
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 04.03.2020
Om bedriften
Volda kommune ligg sentralt på Sunnmøre, med sjukehus og høgskule i umiddelbar nærleik. Kvart år kjem 4000 studentar og set sitt preg på lokalsamfunnet. Kommunen har eit variert næringsliv og gode kommunikasjonar med omverda gjennom Kvivstunellen og Eiksundsambandet. Frå Ørsta/Volda lufthamn Hovden går det direkteruter til Oslo og Bergen. Lokalsamfunnet er i utvikling og kommunen har spenstige samarbeidsprosjekt med idretten og Høgskulen i Volda om ny idrettshall og nytt mediebygg. Volda er ein ny kommune som frå 01.01.2020 vart eit resultat av samanslåing av tidlegare Volda og Hornindal kommunar.
I Volda kommune er det om lag 1000 dyktige og engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for kommunen sine innbyggjarar. Ønskjer du ein meiningsfylt jobb med utfordrande oppgåver og gode kollegaer, er Volda kommune eit spanande alternativ.