Sjukepleiar fast stilling med langvakter kvar 4. helg ved Giske omsorgssenter
Valderøy omsorgsdistrikt, Giske kommune
Valderøya, 6050 Valderøya, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sjukepleiar fast stilling ved Giske omsorgssenter
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Turnus
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 10. mars
Vi har ledig fast 100 % stilling som sjukepleiar ved Valderøy omsorgsdistrikt, Giske omsorgssenter. Stillinga inngår i to-delt turnus med langvakter kvar 4. helg og er ledig frå 07.04.2025.
Giske omsorgssenter ligg på Valderøya og har to langtidsavdelingar og ei korttidsavdeling, totalt tre avdelingar med 30 plasser. I bygget er også dagsenter, heimebasert omsorg, sentralkjøkkenet, fysio- og ergoterapitenesta og kvardagsrehabiliteringa lokalisert. Personalet ved Giske omsorgssenter har tett samarbeid med desse tenestene
Stillinga er for tida primært knytt til langtidsavdelinga, men vil også ha vakter på korttidsavdelinga.
Vi søkjer ein engasjert sjukepleiar med fokus på god og trygg pasientbehandling.
I tillegg til formell kompetanse blir personlege eigenskapar og at ein er skikka for stillinga vektlagt.
Ta gjerne kontakt dersom du har spørsmål om stillingane.
Det er krav om gyldig politiattest av ny dato.
Dokumentasjon på utdanning skal sendast som vedlegg til søknaden.
Arbeidsoppgåver
- Sjølvstendig ansvar for at fagleg arbeid og tiltak vert utført i samsvar med vedtekne mål og retningsliner.
- Ivareta dokumentasjonsplikta og ha fokus på fagutvikling.
- Rettleiing og opplæring av medarbeidarar og studentar/elevar.
- Bidra til eit godt samarbeid mellom brukarar og pårørande.
- Bidra til eit godt arbeidsmiljø, både kollegialt og fagleg.
- Bidra til eit godt omdømme.
Kvalifikasjonar
- Autorisasjon som sjukepleiar.
- Vidareutdanning i rehabilitering, geriatri, aks, kreftsjukepleie, psykiatri eller anna relevant vidareutdanning er ønskjeleg.
- God digital kompetanse.
- Sertifikat for bil.
- Gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg.
Personlege eigenskapar
- Fleksibel, løysingsorientert og innovativ.
- Gode samarbeidsevner.
- Fagleg dyktig og kan arbeide sjølvstendig.
Vi tilbyr
- Tverrfagleg samarbeid med fleire yrkesgrupper.
- Spanande og varierte oppgåver i eit godt arbeidsmiljø.
- Løn og tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
Kontaktinformasjon
Sofie Katrin Holmeset, avdelingsleiar, 41702316Elin Karin Hopland, nestleiar, 41702318
Janita Engeset Ellingseter, einingsleiar, 92620535
Arbeidsstad
Valderøya6050 VALDERØYA
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Giske kommuneReferansenr.: 4926512469
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 10.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Janita Engeset Ellingseter
einingsleiar
92620535
Elin Karin Hopland
nestleiar
41702318
Sofie Katrin Holmeset
avdelingsleiar
41702316
Om bedriften
Giske kommune har om lag 8775 innbyggjarar på øyane Vigra, Valderøya, Giske og Godøya. Ålesund Lufthavn ligg i kommunen. Øyane er knytt saman og har fastlandsamband til Ålesund. Kommunen byr på eit særprega kystmiljø med storslått natur, dugnadsånd, festivalar, variert kulturtilbod og gode høve til friluftsliv. Kommunen har høg vekst i folketal og sterk næringsutvikling, og er blant landets største fiskerikommuner. Kommunen er ein attraktiv stad å bu og arbeide, og har ein høg andel barn og unge.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2869422
- Hentet fra
talentech
- Referanse
e6a3dec041f14cbc871bc6d05098ee04