Fagarbeider tekniske tenester - Lærdal kommune
Me har ledig:
100% fast stilling som fagarbeidar i Lærdal kommune.
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene vil verte knytt til forvaltning, drift og vedlikehald av kommunen sine bygningar, eigedomar, vegar og
kommunaltekniske anlegg og maskiner. - Ein må rekne med å delta i kommunalteknisk beredskapsvakt, samt gjera teneste i brannvernet.
Krav til/ønskje om utdanning
- Me søkjer etter personar med fagbrev og/eller allsidig røynsle frå drift og forvaltning
- Krav om førarkort for bil og traktor
- Maskinførarbevis er ønskjeleg
- Erfaring i bruk av dataverktøy til drift og rapportering vil bli vektlagt
Personlege eigenskapar:
- Gode samarbeidsevner
- Vere serviceinnstilt
- Likar å jobbe i team
- Bidra positivt til arbeidsmiljøet
- Vere fleksibel og kunne jobbe sjølvstendig
Lønnsvilkår:
- Stillinga vert løna som fagarbeidar
Me kan tilby:
- Arbeidsvilkår etter gjeldande lover, reglar og avtaleverk
- Pensjonsordning med 2% innbetaling til KLP
- Gode arbeidsforhold
- Varierte arbeidsoppgåver
Send søknaden via
Lærdal kommune si heimeside; www.laerdal.kommune.no under fana "ledige stillingar".
Om bedriften
Lærdal er ein spennande kommune i Indre Sogn med trøkk, tru og fokus på vekst og utvikling. I Lærdal kan du leva det gode liv saman med 2 200 andre lærdøler. Vår vakre bygd inst i Sognefjorden ligg midt mellom Oslo og Bergen . Store fjell- og utmarksområde byr på eit aktivt friluftsliv. Lærdal er ei kulturbygd med ein rik kulturarv. Vi kan nemne Borgund stavkyrkje, dei historiske vegane og gamle Lærdalsøyri.