Pedagog på Gimle skule - 50 % vikariat
Fyresdal kommune
Fyresdalsvegen 2237, 3870 Fyresdal
Om jobben
Stillingstittel
Pedagog på Gimle skule - vikariat
Oppstart
1. oktober 2024
Type ansettelse
Vikariat, deltid 50%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Gimle skule er ein 1-10-skule og ligg midt i Fyresdal sentrum i nærleiken av helsehus, barnehage, bibliotek, symjehall, idrettshall og kulturhus. Her er også kort veg til sentrum med butikkar, bygdemuseum og næringsliv. Rett rundt skulen er Hamaren Aktivitetspark, eit flott friluftsområde tilrettelagt for både vandring, sykling, læring og leik i direkte tilknyting.
Skulen er lys og triveleg og godt utstyrt med symjehall og idrettshall vegg i vegg. Uteområdet har skatepark, leikeapparat, ballbinge og fotballbanar. Dette er eit uteområde som stimulerer til høg aktivitet og trivsel.
Gimle skule søker ein lærar som ynskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø og gode oppvekstvilkår for barn og unge på Gimle skule, og som nyttar varierte undervisningsmetodar som pedagogisk verktøy for å nå faglege og sosiale mål. Viss du i tillegg har eit engasjement for å gje elevane gode opplevingar i og utanfor klasserommet, då ynskjer vi at du søker på denne stillinga!
Arbeidsoppgåver
- Undervisning i ulike klasser og ulike fag.
- Oppfylging av elevars faglege og sosiale utvikling.
- Samarbeid på trinn, i faggrupper og med føresette, kollegaer og leiing ved skulen.
- Kontaktlæraransvar kan bli lagt til stillinga.
Kvalifikasjonar
- Søkar må ha godkjent lærarutdanning.
- Erfaring frå undervisning i grunnskulen.
- Undervisningskompetanse i basisfag er svært ynskjeleg. Det er skulens samla behov som vil vere førande i tilsettingsprosessen.
- Gode eigenskapar i norsk munnleg og skriftleg.
- Gode digitale ferdigheiter – vi brukar Office 365, Visma Flyt Skole og Flyt Timeplan, samt andre nettstader.
Personlege eigenskapar
- Gode kommunikasjonsferdigheiter og evne til å bidra til å skape eit godt arbeidsmiljø.
- Tydeleg klasseleiar som har fokus på godt læringsmiljø.
- Eit inkluderande og positivt elevsyn.
- Gode samarbeidsevner opp mot elevar, kollegaer og føresette.
- Positiv, fleksibel, løysingsorientert og strukturert.
- Kunne nytte varierte pedagogiske opplegg for å skape eit inkluderande og utviklande fagleg og sosialt miljø som verkar motiverande for elevane.
- Personlege eigenskapar vil bli vektlagt.
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø kor det er fokus på elevars læring, tryggleik og trivsel.
- Lønsplassering etter gjeldande tariffavtale.
- Ein godt utstyrt skule med symjehall og idrettshall vegg i vegg.
Tilsettingsvilkår:
- For stillingane gjeld løns- og arbeidsvilkår i samsvar med lov, forskrift og avtaleverk.
- Den som blir tilsett må levere politiattest av ny dato i tråd med Opplæringslova § 10-9.
Det vil bli gjort intervju fortløpande.
Kontaktinformasjon
Anders Bergsland, Rektor Gimle skule, +47 97734152Arbeidsstad
Fyresdalsvegen 22373870 Fyresdal
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Fyresdal kommuneReferansenr.: 4855606036
Stillingsprosent: 50%
Vikar
Startdato: 01.10.2024
Sluttdato: 31.07.2025
Søknadsfrist: 22.09.2024
Om bedriften
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2737092
- Hentet fra
talentech
- Referanse
594f1be69dea4d7095910ee7e116d05f