Rådgivande overlege
NAV Klageinstans, Bergen
C. Sundts gate 29, 5004 Bergen
Om jobben
Stillingstittel
Rådgivende overlege NAV Klageinstans Vest, Bergen
Type ansettelse
Fast, deltid 50%
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 23. september
Ny søknadsfrist
Vi har ledig ein 50 % fast stilling som rådgivande overlege. Arbeidsstad er ved avdelinga vår i Bergen og det forventes nærvær i avdelinga innanfor ordinær arbeidstid.
Rådgivande overlege er ei støtte for saksbehandlarane i deira medisinske vurderingar. Ved behov skal saksbehandlar diskutere saka med rådgivande overlege. Dette skjer enten ein til ein, eller i saksdrøftingsverkstad. Når vurderinga frå rådgivande overlege er eigna til å ha betydning i saka, må uttalen gjerast skriftleg.
NAV Klageinstans har i dag ni overlegar i ulike stillingsstørrelse, til saman ca. 5,4 årsverk. Desse har kontorstad i ein av våre seks avdelingar. Våre rådgivande overlegar har ulike spesialitetar og erfaringsbakgrunn. Vi har eit godt miljø, både fagleg og sosialt, og møtes regelmessig for å drøfta ulike trygdemedisinske problemstillingar. Sjølv om våre rådgivande overlegar er spreidd ut i våre seks avdelingar, så bistår dei kvarandre på tvers for å utgjevne arbeidsbelastning og bruka spesialitetane til kvarandre.
NAV Klageinstans er organisert som ei nasjonal eining med seks avdelingskontor spreidd i landet, ledet av ei styringseining. Totalt er vi ca. 240 medarbeidarar.
NAV Klageinstans har ansvar for å behandle alle klager over vedtak fatta av NAV sine vedtaksinstansar. Vi har også ansvaret for forberedning av ankesaker for behandling i Trygderetten.
Arbeidsoppgåver
- være ein medisinsk ressurs for saksbehandlarane
- gi trygdemedisinsk rådgivning, både skriftleg og munnleg, i enkeltsaker
- gi rettleiing og undervisning av dei tilsette og samarbeidspartnarane til etaten
- gi systematiske tilbakemeldingar i organisasjonen
- gi medisinske vurderingar i saker for Lagmannsretten og stille som sakkunnig vitne for staten i aktuelle saker
Kvalifikasjonar
- medisinsk embetseksamen med gyldig norsk autorisasjon
- ønskeleg med spesialitet og fleire spesialitetar kan vurderast, mellom anna psykiatri. Også andre spesialitetar som t.d. nevrologi, fysikalsk medisin, arbeidsmedisin og allmennmedisin kan vera aktuelle
- erfaring frå klinisk arbeid er ønskeleg
- må beherske norsk godt, både munnleg og skriftleg
Personlege eigenskapar
- gode samarbeidsevner
- strukturert og med god arbeidskapasitet
- interesse for trygdemedisin
Vi tilbyr
- spennande og meiningsfylte arbeidsoppgåver innanfor eit viktig samfunnsområde
- aktive og engasjerte kollegaer
- lønn kr. 1.120.000 til 1.220.000 tilsvarande 100 % stilling i stillingskode 0207 Overlege
- moglegheiter for fagleg påfyll og utdanningspermisjon
- for fastlege eller spesialist med driftsavtale blir det tilstått praksiskompensasjon etter Særavtale for leger i Arbeids- og velferdsetaten
- vi ber om at du legg relevante vitnemål og attestar ved søknaden
Kontaktinformasjon
Tor Harald Christiansen, Sjefslege, 957 99 971Arbeidssted
C. Sundts gate 295004 Bergen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: NAVReferansenr.: 4830543114
Stillingsprosent: 50%
Fast
Søknadsfrist: 23.09.2024
Kontaktperson for stillingen
Tor Harald Christiansen
Sjefslege
957 99 971
Om bedriften
NAV søkjer tilsette med hjarte for menneske og fagområda våre. Visjonen vår er å gje menneske moglegheiter, og dette gjer vi ved å utvikle Noregs beste arbeids- og velferdstenester.
NAV består av 22 000 kompetente og engasjerte medarbeidarar. Vi jobbar tverrfagleg i sterke fagmiljø. Hos oss skal arbeidsmiljøet pregast av involvering, openheit og tillit.
Mangfald er viktig i NAV. Mangfald bidreg til betre problemløysing, auka kreativitet, større fleksibilitet og styrker kulturen og arbeidsmiljøet på arbeidsplassen. Vi oppmodar difor kandidatar med ulik bakgrunn til å søke på stillingar hjå oss, særleg om du har hol i CV-en, innvandrarbakgrunn eller nedsett funksjonsevne.
Ønskjer du å bli unntatt frå offentleg søkjarliste, må du grunngje dette. Del gjerne vitnemålet ditt eller karakterutskriftene dine på vitnemålsportalen.no.
NAVstilling
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2696499
- Sist endret
4. september 2024
- Hentet fra
talentech
- Referanse
9e508e0acbd242469840817f6f9a41be