Sjukepleiar i fast 100% stilling
Surnadal kommune Surnadal sjukeheim
Bårdshaugvegen 22, 6650 Surnadal
Om jobben
Type ansettelse
Fast
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Ved Surnadal sjukeheim har vi ledig fast 100% stilling for sjukepleiar.
Stillinga inngår i turnus. Vi har ulike vaktlengder med arbeid kvar 3.eller kvar 4.helg.
Dei som arbeider kvar 4.helg har langvakter på 12,5 time.
Eksterne søkarar (ikkje noverande tilsette i Surnadal kommune), som får tilbod om sjukepleiestilling ved Surnadal sjukeheim, får utbetalt lønn i 100% stilling som tilsvarar lønn med 10 års ansiennitet.
Dersom eksterne søkarar har meir enn 10 års ansiennitet frå tidlegare, blir det gjort ei individuell vurdering i tråd med gjeldande avtaleverk ved tilsetting.
Om oss
Vi er ein institusjon med 58 bebuarrom, fordelt på langtidsavdelingar, avdeling for menneske med demenssjukdom og vi har ei korttidsavdeling.
I korttidsavdelinga har vi 2 ØHD-rom.
Nokre tilsette hos oss har heile eller delar av stillinga si i ein bemanningspool for sjukeheimen.
Hos oss har vi stort fokus på
- fagutvikling
- rolleavklaring for dei ulike yrkesgruppene, der målet er auka tryggleik, kvalitet og trivsel for alle
- kvalitet i tenestene
- velferdsteknologi
- aktivitetar
- matglede
- refleksjon
Vi ser etter
- sjukepleiar med norsk autorisasjon
- du kan gjerne vere nyutdanna men også ha erfaring
- du må kunne kommunisere godt på norsk og ha god skriftleg framstillingsevne for å ivareta god dialog og krav til dokumentasjon
Det er eit vilkår for tilsetting at det blir lagt fram tilfredsstillande politiattest, denne skal ikkje ver eldre enn 3 månader.
Arbeidsoppgåver
- sjukepleiefaglege oppgåver og ansvar
- teamleiarfunksjon og samhandling
- koordinering og dialog med heimeteneste og spesialisthelstenesta
- veiledning og opplæring av kollegaer og studentar
- dokumentasjon
- bruk av fagsystem, velferdsteknologi og digitale verktøy
- legemiddelhandtering
Personlege eigenskapar
Du er fagleg dyktig og engasjert i arbeidet ditt og er i stand til å vere handlekraftig når det trengs. Du er endringsvillig og har fokus på å finne løysingar, noko som inneber at du er fleksibel.
Godt humør og gode samarbeidsevner er ferdigheiter vi set pris på hos arbeidstakarane våre.
Vi kan tilby:
- fagleg utvikling
- godt arbeidsmiljø
- lønn i tråd med gjeldande vedtak for nytilsetting som sjukepleiar ved Surnadal sjukeheim
- gode pensjons- og forsikringsordningar
- turnus med mogleg individuell tilpasning
- flyttegodtgjerlse etter reglane i personalplanen
Vår visjon: Vi skal vere ein institusjon der kvar enkelt er verdifull!
Besøk oss på Facebook: facebook.com/surnadalsjukeheim
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2702949
- Sist endret
5. august 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3380965_187099_nn