Pedagogiske leiarar - Tryggheim Vatne
NLM barnehagene AS avd. Tryggheim Barnehage Vatne søkjer
2 PEDAGOGISKE LEIARAR / BARNEHAGELÆRARAR
i 100% fast stilling frå 01.08.20
1 PEDAGOGISK LEIAR/BARNEHAGELÆRAR
i 100% vikariat bhg.året 20-21
Visjonen vår er: «Vi ser og blir sett.»
Kvalifikasjonar og personlege eigenskapar:
• Godkjend barnehagelæararutdanning
• Barnehagen vert driven med eit kristent formål, og den som vert tilsett forpliktar seg til å arbeide etter barnehagen sitt kristne verdigrunnlag, vedtekter, verdidokument og instruksar, og arbeide aktivt for å fremje målsetjinga og verdiane som barnehagen har
Du må:
• vere ein aktiv og nærværande voksen både inne og ute som ser kvart enkelt barn, som lyttar og bryr seg om kva barna ynskjer å formidle
• ha god kommunikasjons- og formidlingsevne
• vere relasjonsorientert med gode samarbeidsevner
• ha evne til å skape engasjement og lyst til å delta i barna sin leik og utvikling
• ha svært gode norskkunnskapar, både skriftleg og munnleg (Udir sine krav)
Vi kan tilby:
• Fokus på kvalitetsutvikling og eit godt arbeidsmiljø
• Ein fin ny barnehage med variert uteareal, samt at barnehagen har eit nærmiljø som gir rikelege moglegheiter for turar
• 5 ordinære avdelingar
• Kjøkkenassistent i 100% stilling
• Lønn etter PBL tariff
Den som blir tilsett må legge fram politiattest før ein byrjar.
Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM barnehagene AS
Søknadsfrist snarast råd og innan 03.04.20.
Send søknad og CV til:
NLM barnehagene AS avd Tryggheim barnehage, Vatne
Ulvestadvegen 4, 6265 VATNE
Eller til: tryggheim.vatne@nlmbhg.no
For spørsmål eller meir informasjon ta kontakt med dagleg leiar tlf.: 969 48 829.
Info om barnehagen finn du her
Om bedriften
Tryggheim Barnehage, Vatne har 5 avdelingar med plass til om lag 80 born, alt etter alder og opphaldstid. Vi flytta inn i ny barnehage i april 2018. Norsk Luthersk Misjonssamband eig og driv barnehagen gjennom NLM- barnehagene AS.
Du kan lese meir om barnehagen her