Kokk og kjøkkenassistent
Org.nr.:921244207 Stillingsident: Presentasjon av stillingen :
Kjøkkentenesta har som hovudoppgåve å gi eit trygt og godt mattilbod til bebuarar ved omsorgssentra, og til heimebuande. Vi har 4 kjøkken, fordelt på omsorgssentera i Sunnfjord kommune.
To av våre tilsette går av med pensjon, og vi treng nye medarbeidarar.
Vi har følgande stillingar ledig:
Naustdal:
- 85 % fast stilling som fagarbeidar kokk med jobb kvar 3. helg
- 15 % vikariat som fagarbeidar kokk, helg
Skei:
- 40 % fast stilling som kjøkkenassistent med jobb kvar 3. helg
Du må ha:
- fagbrev som institusjonskokk eller kokk (gjeld stillingane i Naustdal)
Vi søker deg som:
- har god kjennskap til internkontroll, IK-Mat
- kan jobbe sjølvstendig og kan jobbe godt i team
- kan jobbe fleksibelt innanfor arbeidsområdet
- likar å jobbe med mennesker
- kommuniserer godt på norsk
Søkar må vere ein viktig bidragsytar til å gi brukarane eit godt og trygt mattilbod.
Vi ønsker deg velkomen som søkar!
Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Hege Inderberg, Tlf: , Mobil +47 904 79 775, Epost: hege.inderberg@sunnfjord.kommune.no
Om bedriften
Sunnfjord kommune ligg sentralt i Vestland fylke, og tilbyr rike naturopplevingar frå fjord til bre. Kommunen har om lag 22 000 innbyggarar, og er sentrum for handel, service og utdanning i regionen. Kulturlivet er variert med teater, kino, konsertar og utstillingar. I kommunen er det breitt tilbod av bustadar og tomter.