Sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Nedstryn, Oppstryn og Loen som tenestestad
Den norske kirke, Bjørgvin bispedøme
Rognehaugen 11, 6783 Stryn, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sokneprest i Nordfjord prosti med sokna Nedstryn, Oppstryn og Loen som tenestestad
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 9. mars
Indre Nordfjord byr på storslått natur prega av Jostedalsbreen og sidebrear, høge fjell, djupe dalar og vakre, levande fjordbygder. Her er svært gode tilhøve for allsidig friluftsliv heile året, milevis med oppkøyrde skiløyper, anlegg for skiskyting og hopp, vinterski- og sommarskisenter.
Landbruket står sterkt i regionen, og det er i tillegg eit allsidig og innovativt næringsliv og stor turisttrafikk om sommaren. Det er ekspressbuss-samband til Bergen, Oslo og Trondheim. Næraste flyplassar er Ørsta/Volda og Sandane. Det ligg ein videregåande skule i Stryn, og Høgskulen i Volda ligg 60 km unna.
For nærare info sjå www.stryn.no www.stryn.kommune.no www.stryn.kyrkja.no,
Nedstryn, Oppstryn og Loen ligg i Stryn kommune, lengst nordaust i Vestland fylke. Sokna har til saman ca. 4 700 innbyggjarar, av desse er ca 3 400 medlem i Den norske kyrkja. Nedstryn kyrkje er frå 1859, Oppstryn kyrkje frå 1863 og Loen kyrkje frå 1838. Det er gudsteneste annankvar søndag i Nedstryn kyrkje og ca. kvar fjerde søndag i dei to andre. I 2023 var det 23 døypte, 44 konfirmantar, 14 vigsler og 32 gravferder i sokna.
Sokneprestane i Stryn samarbeider om prestetenesta i området under leiing av prosten. Dei åtte kyrkjelydane i Stryn samarbeider nært om trusopplæring, konfirmantarbeid og kyrkjelydsblad. Mange frivillege deltek i gudstenesta. For tida jobbar vi med å bygge og styrke barne- og familiesamarbeidet.
I Stryn har vi barnekor, Ten Sing-kor og ei stor KFUK-KFUM-speidargruppe. Normisjon har arbeid i bedehuset Betania, som også fungerer i stor grad som kyrkjelydshus.
Dei tre kyrkjelydane har 50 % organiststilling og mindre stillingar for kyrkjetenarar og sekretær for sokneråd. Fellesrådsområdet har kateket i 100% stilling, kyrkjelydspedagog i 100% stilling og kyrkjelydsarbeidar i 60%. Det tverrfaglege kommunale psykososiale kriseteamet, inkluderer også ein prest.
Prestane i prostiet kjem saman ti gongar i året til prostikonvent for å styrke kollegafellesskapet gjennom mellom anna felles studium, åndeleg fellesskap, fagleg utvikling, og drøfting av aktuelle tema.
Kyrkja har gode kontorlokale i Stryn sentrum, som er felles for alle sokna. Det er eit godt tilhøve mellom kyrkja og dei frivillege kristne organisasjonane i prostiet.
Skriftspråket er nynorsk.Søkjar må ha førerkort og disponere bil.Bjørgvin bispedøme skal vere ein arbeidsplass med rom og respekt for mangfald, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, seksuell orientering og funksjonsevne. Vi oppfordrar alle kvalifiserte kandidatar til å søke. Det vil bli utarbeida ei offentleg søkjarliste etter offentleglova § 25, jf. kyrkjeordning for Den norske kyrkja § 42. Dersom du ønskjer unntak for denne, må du grunngje det i søknaden. Søkjarlista kan bli offentleg sjølv om du ber om unnatak. Grunnlag for handsaming etter personvernforordninga er artikkel 6 nr. 1 bokstav b og artikkel 9 nr. 2 bokstav b og g.Den som blir tilsett må vise tilfredsstillande politiattest (barneomsorgsattest) jf. politiregisterloven § 39 jf. trossamfunnsloven § 20. Vi ber om at søknad med CV, vitnemål og referansar vert sendt elektronisk via Webcruiter.
Arbeidsoppgåver
- Strategisk kykjelydsbyggande arbeid
- Utføre gudstenester og kyrkjelege handlingar
- Stillinga inngår i Den norske kyrkje si ordning om beredskap
Kvalifikasjonar
- Cand.theol. med praktikum eller tilsvarande/master i teologi og praktikum
- Medlemskap i Den norske kyrkja
Personlege eigenskapar
- Evne og vilje til samarbeid
- Gode kommunikasjonsevner med menneske i alle aldrar,
- Evne til å skape engasjement rundt tilstellingar i kyrkja og kyrkja sitt arbeid
- Det er ønskeleg at søkjar har stor interesse for teologi som fag
- Søkjar må kunne samarbeide liturgisk med kollegaer uavhengig av kjønn eller teologisk usemje
Vi tilbyr
- Stillingskode 1555 sokneprest etter KA sitt tariffområde
- Pensjonsordning hos KLP
- Reiseutgifter godtgjort etter gjeldande regulativ
- Til løna kjem særskilte regulativmessige godtgjersler
- Arbeidsvegleiing (ABV)
- Hjelp til å finne bolig i samarbeid med kommune
Kontaktinformasjon
Mari Saltkjel, Prost Nordfjord prosti, 45914954Therese Nesse Mokkelbost, HR-sjef Bjørgvin bispedøme, 93612276
Arbeidsstad
Rognehaugen 116783 Stryn
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Den norske kirkeReferansenr.: 4913239863
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 09.03.2025
Kontaktpersoner for stillingen
Mari Saltkjel
Prost Nordfjord prosti
45914954
Therese Nesse Mokkelbost
HR-sjef Bjørgvin bispedøme
93612276
Om bedriften
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2853798
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4a031f780d5e43418e4404436894c3b0