Kulturskulelærar
Kultur er kult!
Målsettinga til Tysnes kulturskule er at me skal vere eit synleg, lokalt ressurssenter for musikk og kulturfagleg arbeid. Kulturskulen skal gje eit frivillig, meiningsfullt og vedvarande opplæringstilbod innan ulike kulturfag, og gje elevane høve til å oppleve meistring gjennom uttrykk og formidling ut frå den einskilde sine føresetnader.
Tysnes kulturskule legg til rette for tverrfagleg samarbeid og samhandling, og skal vere ein aktiv bidragsytar til eit rikt og variert kulturliv i kommunen. For tida har me tilsaman fem tilsette og omlag 85 elevplassar innan ulike musikktilbod, hovudsakleg gitar, trommer, piano, song og messinginstrument. I tillegg samarbeider kulturskulen med fleire einingar i kommunen og leverer dirigenttenester til frivillige kor og korps. Kulturskulen held til i nye trivelege lokaler i Tysnes skule.
Tysnes kulturskule har ledig eit vikariat som kulturskulelærar for skuleåret 22/23. Stillinga er 35 % som pedagog i song, piano og musikk/teaterleik.
Det er ønskjeleg å ha eit kontinuerleg kulturskuletilbod med vekentleg undervisning. Det kan i tillegg bli høve til å arbeide i prosjekt fram mot t.d. eit teateroppsett eller framsyning. Stillinga kan aukast, dersom etterspurnad tilseier at me må utvide tilbodet.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av barn og ungdom
- Planlegging og gjennomføring av framsyningar, samt aktiv deltaking i tverrfaglege prosjekt
- Samarbeide i lærarteam og med grunnskule, barnehage og andre
- Bidra i kulturskulen sitt utviklingsarbeid
- Kulturskulen sin rammeplan vert lagt til grunn for undervisning
- Samarbeid med føresette
- Noko ettermiddag/kveldsarbeid på påreknast
Kvalifikasjonar
- Høgare praktiskpedagogisk utdanning i utøvande og/eller skapande kunstfag, minimum 3 år
- Erfaring frå kulturskuleundervisning ev. anna erfaring med undervisning av barn og unge
- Erfaring frå enkelt- og gruppeundervisning
- Gode kommunikasjonsevner
- Godkjent politiattest må leggast fram ved tilsetjing
Personlege kvalifikasjonar vert tilltagt stor vekt ved tilsetjing
Personlege eigenskapar
Me søkjer etter ein person med eit brennande engasjement og interesse for å undervise barn og ungdom på alle nivå, i eit trygt og motiverande læringsmiljø. Du må ha gode samarbeids- og formidlingsevne, og evne til å inspirere og engasjere elevgrupper. Me ønskjer ein fleksibel og løysingsorientert kollega og medarbeidar, som vil bidra i prosjektarbeid og til endringar, er pliktoppfyllande og evnar å arbeide sjølvstendig.
Me tilbyr
- Spanande og varierte arbeidsoppgåver
- Kreative og energiske kollegaer
- Høve til å arbeide i vakre Tysnes
- Gode pensjonsordningar gjennom KLP
- Tilsetjing og løn etter kommunalt regulativ
Kontaktinformasjon
Yngve Nikolaisen, Kulturskulerektor, 468 15 697, yngve.nikolaisen@tysnes.kommune.noArbeidsstad
Tysneshallen5680 Tysnes
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Tysnes kommuneReferansenr.:4548873888
Stillingsprosent: 35%
Vikar
Søknadsfrist: 17.08.2022
Om bedriften
Draumen om livet på landet finn du på Tysnes!
Tysnes er ein sentralt plassert øykommune sør for Bergen. Her finn du dei same tilboda som i andre omkringliggjande sentra utanfor Bergen. Om du spør oss: Verdas beste kommune å veksa opp i!
Når me tel med store og små, er me i dag omlag 2900 godlyndte innbyggjarar i Tysnes. Kommunen er landfast med bru over Lukksund og har elles gode ferjeforbindingar mot nord og sør.
Tysnes kommune har ca. 330 tilsette innan helse- og omsorg, skule og barnehage, tekniske tenester og offentleg administrasjon. Me er oppteken av å skape gode arbeidsplassar og gjere Tysnes til ein god stad å bu.