Lærar
Sevland skule
Vestre Veaveg 32, 4275 Sævelandsvik, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar
Oppstart
17. desember 2024
Type ansettelse
Vikariat, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Søk på jobben
Søk senest torsdag 5. desember
Sevland skule er ein flott barneskule for 1.-7. trinn, sentralt plassert på Karmøy med kort avstand til vakre naturområde og eit stort, fantastisk uteområde på skulen! Skulen har om lag 150 elevar fordelt på åtte klassar, med ein klasse per trinn i tillegg til ein introduksjonsklasse som er eit tilbod til elevar som ikkje snakkar norsk, og som har flytta eller flykta hit. I introduksjonsklassen får elevane intensiv norskopplæring før dei begynner på sine nærskular.
Skulen har eit positivt personale med 25 tilsette, både pedagogar, miljøarbeidarar og miljørveiledarar, samt to dyktige medarbeidarar som har språkpraksis her to dagar i veka. Alle desse vaksne arbeidar for å skape ein trygg og inkluderande skule og SFO. Det populære SFO-tilbodet på Sevland skule har rundt 51 elevar.
Sevland skule har eit stort fokus på at elevane skal oppleve eit trygt og godt skulemiljø. Elevane våre skal kjenne seg trygge, verdifulle og inkluderte i fellesskapet. På skulen vår har personalet det sosialt og kjekt saman på jobb. Personalet er delt inn i to team som jobbar tett saman for å skape eit godt og inkluderande læringsmiljø. Det er mykje humor og varme på arbeidsplassen, noko som smittar over på elevane våre.
Vi søkjer etter tre pedagogar til eit vikariat som vil arbeide på mellomtrinnet, men justeringar kan førekomme etter kvalifikasjonar. Som lærar i Karmøyskulen blir du ein viktig lagspelar i arbeidet med å skape gode oppvekst- og læringsvilkår for barn og unge i Karmøy kommune. Vi søkjer deg som har eit inkluderande elevsyn og som er i stand til å sjå den enkelte elev. Meir informasjon om skulane i Karmøy kommune finn du på kommunen si heimeside. På skulen vår blir alle møtt med høge og positive forventningar. Som lærar hos oss skal du vere med å støtte elevane i undervisninga, både på individ- og gruppenivå. Du skal saman med teamet arbeide for å skape eit godt læringsmiljø og god fagleg utvikling for elevane våre. “Eg vil - eg kan - eg er noko” er vårt motto! .
Arbeidsoppgaver
- Planleggje og gjennomføre undervisning i samsvar med læreplanane og skulen sine pedagogiske mål.
- Vurdere elevar si læringsutvikling og tilpassa undervisninga etter individuelle behov.
- Bidra til eit trygt og inkluderande læringsmiljø.
- Samarbeide med kollegaer og føresette for å sikre god oppfølgjing av elevane.
- Delta i skulen sitt utviklingsarbeid.
- Administrative oppgåver knytta til planlegging, vurdering og rapportering.
Kvalifikasjoner
- Godkjent undervisningskompetanse ihht. opplæringslova.
- Gode ferdigheiter i norsk, både munnleg og skriftleg.
- Tydeleg klasseleiar.
- Kunnskap om gjeldande læreplanar og forskrifter.
- Ønskeleg med erfaring frå undervisning i grunnskulen.
- IKT-kompetanse og erfaring med digitale verktøy i undervisninga.
- Evna til å tilpasse undervisning etter elevane sine behov.
- God kompetanse til å skape relasjoner.
Personlige egenskaper
- Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner.
- God kompetanse til å skapa relasjonar.
- Strukturert og sjølvstendig.
- Fleksibel og løsningsorientert.
- Kunne gi og ta imot veiledning.
Det blir lagt vekt på personleg eigenskap.
Vi tilbyr
- Engasjerte og dyktige skoleleiarar.
- Godt arbeidsmiljø og kollegaer som brenn for pedagogisk utviklingsarbeid.
- God veiledning og oppfølging av nyutdanna.
- Gode pensjons- og forsikringsordningar.
- Generelle lønnsplasseringar i henhold til Hovudtariffavtalen.
Tilsettijng på dei vilkår og avtalar som gjeld innanfor skulefeltet. Det blir krevd gyldig politiattest for alle som skal arbeide i skule.
Kontaktinformasjon
Elisabeth Bakke, Rektor, 52811765Arbeidssted
Vestre Veaveg 324275 Sevlandsvik
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: Karmøy kommuneReferansenr.: 4884961532
Stillingsprosent: 100%
Vikariat
Startdato: 17.12.2024
Sluttdato: 20.06.2025
Søknadsfrist: 05.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Elisabeth Bakke
Rektor
52811765
Om bedriften
Karmøy er regionens største kommune med mer enn 43 000 innbyggere hvor du finner et godt bo- og oppvekstmiljø, et rikt kulturliv og gode fritidstilbud. Kommunen tilbyr god kvalitet på tjenestene og vil videreutvikle seg sammen med både deg, frivilligheten og næringslivet i en bærekraftig retning.
I kommunen er det 3600 ansatte i hel- og deltidsstillinger. Vi jobber kontinuerlig for å være regionens beste arbeidsplass og skal være modig, inkluderende og åpen.
Sammen om framtidens Karmøy
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2794494
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4e846f48226e4072aa29bd79fe3f25f1