To faste stillingar som Sjukepleiar / Vernepleiar f.t ved Hornindal Omsorgssenter
Org. nr: - Stillingsident: 4468526233 Presentasjon av stillingen:
Vi søkjer etter offentlig godkjend sjukepleiar/vernepleiar med variert praksis, gjerne både frå institusjon og heimeteneste. Vi treng inspirerte, glade og positive nye medarbeiderar som ynskjer seg utfordringer ! Kjenner du deg att i dette, ser vi fram til å få deg som vår medarbeider.
Vi har no ledig 100 % fast og 70 % fast st for sjukepleiar/vernepleiar 01.02.22 . Stillingane har tredelt turnus, med 3 kvar helg. Arbeidsstaden er for tida på Hornindal Omsorgssenter. Seksjonen kan ha totalt 24 pasientar fordelt på 3 grupper, desse 3 gruppene har eit tett samarbeid i det daglege
Arbeidsoppgåver
Ansvar for at pasientane får naudsynt medisinsk undersøking og behandling i eit tverrfagleg samarbeid med tilsynslege / fastlege , andre samarbeidspartar som fysioterapeut / ergoterapeut og heimebaserte tenester.
Ansvar for å rettleie og undervise anna personell og praksiskandidatar.
Bidra aktivt til eit helsefremjande arbeidsmiljø.
Bidra til å kvalitetssikre tenestene.
Kvalifikasjonar
Autorisasjon som sjukepleiar / vernepleiar. Oppgi HPR -nr i søknaden
Du må ha arbeids- og opphaldsløyve
Vi forutsett gode norskkunnskapar både munnleg og skriftleg( heslt Norsktest nivå B2) . Kun søknader med vedlagt dokumentasjon på bestått prøve i lytteforståing, leseforståing, skrifteleg og munnleg framstilling vil bli handsama. Gjeld ikkje søkerar med eit skandinavisk språk som morsmål.
Det skal framleggast tilfredstillande politiattest, ikkje eldre enn 3 mnd , før oppstart i stillinga
Levere eigenerklæringsskjema i høve tuberkulose og MRSA.
Ønskeleg med kjennskap til journalsystemet Gerica
Personlege eigenskapar
Du er ein engasjert person som kan jobbe sjølvstendig og er trygg på eigne avgjerder
Du er ansvarsbevisst, løysningsfokusert,fleksibel og likar utfordringar.
Du må like å jobbe i relasjon med menneske og opptatt av aktiv omsorg
Du kan motivere og skape tillit både med brukarar, pårørande og andre tilsette.
Du har fokus på fag og fagutvikling.
Du bidreg til eit godt arbeidsmiljø.
Vi tilbyr
Lønn og arbeidsvilkår etter avtale.
Gode forsikrings og -- pensjonsordningar
Fokus på relevant kompetanseutvikling, høve til vidareutdanning, E-læringkurs frå NHI
Fagleg utfordrande og spanande arbeidskvardag!
Tverrfagleg lagarbeid: vi har demensteam, kvardagsrehabiliteringsteam, frivilligkoordinatorar, kreftkoordinator, spesialisert korttidsavdeling.
Engasjerte medarbeidarar og godt arbeidsmiljø
Velferdsteknologi vil vere eit stort fokusområde framover
Søkjar må oppgi referansar.
Kommunen har nynorsk som administrasjonsspråk
Kontaktinformasjon
Ann-Sølvi Heltne, Avdelingsleiar Institusjon, 91144863, ann.solvi.heltne@volda.kommune.no
Arbeidsstad
Barstadmarka 2
6100 Volda
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Volda kommune
Referansenr.:4468526233
Stillingsprosent: 100, 70%
Fast
Startdato: 01.02.2022
Søknadsfrist: 06.02.2022
Om bedriften
I folketal er Volda kommune den nest største på søre Sunnmøre, og den sjette største kommunen i Møre og Romsdal. Kommunen ligg strategisk til, midt i kryssinga mellom både fylker og regionar. I overkant av 10.000 personar bor i kommunen, med kort veg til både ruvande fjell og djupblåe fjordar og vatn. Med kort veg til både Sunnmørsalpane og turløyper manglar det ikkje på naturopplevingar - for heile familien.
I Volda er det både høgskule og sjukehus, som gjer at tettstaden har eit stort mangfald av menneske frå heile landet. Både student- og kulturlivet lever godt i kommunen, med tradisjonsrike festivalar gjennom kalenderåret og mange lag og organisasjonar å engasjere seg i.
I kommuneorganisasjonen er det om lag 1.000 engasjerte tilsette som kvar dag gjer ein viktig jobb for innbyggjarane. Om også du ønsker ein meiningsfylt og spanande arbeidskvardag oppmodar vi deg til å søke på stillingar som kommunen lyser ut.
Ta gjerne ein tur innom Volda kommune si heimeside for å bli betre kjent med oss!