100% stilling som helsefagarbeidar
Er du helsefagarbeider og ønskjer deg ei fast heil stilling med gode kollegaer og spennande oppgåver? I Bremanger kommune, for tida Svelgen Omsorgssenter – er det ledig ei 100% fast helsefagarbeidarstilling.
Svelgen Omsorgssenter stod ferdig i mars 2016. Her bur pasientane i lyse og trivlege omgjevnader og medarbeidarane har fått ein heilt moderne og tilrettelagd arbeidsplass.
Arbeidsdagen hos oss er variert, kor du lærer mykje på kort tid. Svelgen Omsorgssenter har 48 bueiningar, fordelt på 5 avdelingar. Avdelingane er fordelt etter diagnoser og ulike hjelpebehov. Vi har også eit lindrande rom.
Vi arbeider i årsturnus, kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid –og fritida si.
Arbeidsoppgåver
Vi har fleire ressursteam, der det er mogleg å fordjupe seg, m.a. rehabilitering, demens, akuttmedisin, palliativ omsorg og kreft.
- Stor breidde i pasientgruppa, både når det gjeld alder og medisinske behov.
- Heilskapleg omsorg for eldre menneseker
- Ivareta pasientane sine individuelle behov
- Moglegheit for å delta i ressursgruppe
- Dokumentasjon, rettleiing, undervisning m.m.
Kvalifikasjonar
- Må ha norsk aurorisasjon som helsefagarbeider
- Like å arbeide i team
- Vere innstilt på endringar
- Legge fram politiattest av nyare dato
- Må beherske norsk godt både skriftleg og munnleg
Personlege eigenskapar
Vi søkjer motiverte, fagleg engasjerte, sjølvstendige og interesserte medarbeidarar. For oss er det viktig at du trivast med menneske, og at du ønskjer å bruke faget ditt til det beste for våre pasientar. Dei vi skal hjelpe har ulike medisinske behov, og du må derfor kunne sette deg inn i ulike sjukdomsbilde og anbefalte behandlingsmetodar.
Serviceinnstilling og personleg egenaheit vektleggast
Vi tilbyr
- Gode kollegear med godt humør og stå-på vilje
- Utfordrande og spanande arbeidsoppgåver
- Godt tverrfagleg samarbeid og godt arbeidsmiljø
- Rekrutteringstiltak med høgare tariffløn opp til 10 års ansiennitet
- Årsturnus kor medarbeidarane har anledning til å få innverke på arbeid og fritida si
- God pensjonsordning og heildøgns forsikring
- Høve til å inngå avtale om å arbeide fleire helgar i årsturnus mot ekstra kompensasjon
- Høve til fagleg utvikling og tilrettelegging for vidareutdanning på område som kommunen har behov for
- Hjelp til å finne bustad og barnehageplass
Du er velkomen som søkjar til eit godt fagleg og spanande arbeidsmiljø ilag med gode kollegaer!
Kontaktinformasjon
Hilde Gretha Hauge, Driftssjef open omsorg indre, +47 95989310Arbeidsstad
Granden 16723 Svelgen
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Bremanger kommuneReferansenr.: 4795223504
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 28.04.2024
Om bedriften
Bremanger kommune er ein kystkommune i Vestland fylke med ca. 3.500 innbyggjarar. Kommunen har full barnehagedekning, trygge oppvekstvilkår og eit rikt kulturliv.
Her er variert natur med gode tilhøve for eit aktivt friluftsliv. Meir informasjon om kommunen finn du på www.bremanger.kommune.no