Ferievikar i Praktisk Bistand
Osterøy kommune
Familie- og Omsorgssenteret, Fotlandsvegen 27, 5282 Lonevåg
Om jobben
Stillingstittel
Ferievikar i Praktisk Bistand
Type ansettelse
Sesong, deltid
Antall stillinger
2
Om stillinga
- Praktisk Bistand er ei avdeling innan Heimetenesta og har kontor i 2. etg. i Familie- og Omsorgssenteret. Me gir hjelp til reinhald av hus, samt andre praktiske oppgåver, hos heimebuande tenestemottakarar. Ein jobbar i team på 2 stk. som reiser rundt ilag. Arbeidstida er dagarbeid i vekedagar. Me har ledig ferievikariat hos oss frå 1. juli til 11. august, ca. 75 % stilling
- Tilsetjing vil skje fortløpande
Arbeidsoppgåver
- Reinhald i private heimar
- Reinhald på dagsenter
- Andre praktiske oppgåver i heimen
Vi tilbyr
- Eit godt arbeidsmiljø med inkluderande kollegar
- Varierte arbeidsoppgåver
- Løn etter tariffavtale
Kvalifikasjonskrav
- Førarkort klasse B er eit krav
- Søkjar utanfor Skandinavia må dokumentera kunnskap i norsk skriftleg og munnleg gjennom bestått B1 test i norsk
- Dersom du får tilbod om stilling må du leggja fram politiattest som ikkje er eldre enn 3 månadar
Kven er du?
- Du er ein hyggeleg, fleksibel og påliteleg person
- Du har gode samarbeidsevner
- Praktisk Bistand kan vera tungt arbeid, så det er ein fordel å ha god fysisk helse
Offentleg tenestepensjon
I denne stillinga har du rett på ei av Noregs sikraste pensjonsordningar: offentleg tenestepensjon. Der dei fleste tenestepensjonar berre utbetalast i 10 år, er offentleg tenestepensjon ei utbetaling som varar frå den dagen du sluttar å arbeide - og livet ut!
Pensjonen inkludera og uføre- og etterlattepensjon dersom noko uventa skulle skje. Med pensjonsrett i KLP får du og medlemspris og gunstige betingelsar på ei rekke bank, forsikring og spareproduktar!
Sjå vår Pensjonsguide for meir informasjon om kva for godar du som tilsett i Osterøy kommune får med deg!
Om bedriften
I Heimetenesta får du brukt faget ditt på ein spanande og variert måte. Her er ingen dag lik og du vil møte arbeidsoppgaver som pleie, legemiddelhandtering, medisinske prosedyrer, bistå brukere i livets siste fase, primærkontaktansvar og pårørandesamarbeid. Heimetenester består av Heimetenesta, Hauge Omsorgsbustad, Haldorvika aktivitetssenter for personar med demens, Praktisk bistand og Forvaltningstenesta.
Me er ein gjeng med stort engasjement, som ønskjer at våre tenester skal pregast av høg faglegheit og profesjonalitet til våre innbyggarar, deira pårørande og samarbeidspartnarar. Me jobbar mot framtida der mestings- og tryggleiksskapande teknologi, og det å bu heime heile livet står i fokus. Me heldt til i Familie- og Omsorgssenteret i Lonevåg. Me ser fram til å verte betre kjend med deg!
Nettsted
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2659068
- Sist endret
5. juni 2024
- Hentet fra
jobbnorge
- Referanse
10211935