Styrar/dagleg leiar i Rones Barnehage SA
RONES BARNEHAGE SA (971475374)
Sogndal
Om jobben
Stillingstittel
Styrer
Type ansettelse
Fast, heltid
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest tirsdag 21. mai
Styrar/dagleg leiar i RONES BARNEHAGE
Vil du bidra til eit godt oppvekstmiljø for dei små? Rones barnehage søkjer dagleg leiar.
Rones barnehage er ein privat, foreldredriven barnehage - ein kort spasertur ifrå Sogndal sentrum. Barnehagen ligg solrikt til med flott utsyn mot fjorden og fjella, og med kort veg til flotte turmål i nærmiljøet. Me har totalt 73 barn fordelt på fira avdelingar med born i alderen 1-6 år.
Me er ein barnehage i stadig utvikling der du kan vera med å forma framtida. Me har god dekning med pedagogar og eit sterkt fagleg miljø. I Rones får du gode og støttande kollegaer, og du vil kjenna deg verdsett ifrå dag ein.
"Omsorg, tryggleik, glede og læring, det gir små kroppar masse næring". I Rones ynskjer me at borna skal få god støtte av dei vaksne, og at dei skal oppleva eit godt miljø for leik og læring. Å skapa eit godt og trygt barnehagemiljø står sterkt hjå oss. Me verdset verdiar som humor, respekt for born og vaksne, og evna til å skapa gode relasjonar.
Som dagleg leiar vil du ha eit tett og godt samarbeid med Sogndal kommune med felles styrarmøte og felles planleggingsdagar, samt delta i eit tverrfagleg ressursteam med PPT, helsesjukepleiar og pedagogar.
Som dagleg leiar har ein samarbeid med og god støtte i assisterande styrar.
Dagleg leiar har tre hovudoppgåver:
· Pedagogisk leiing
· Personalansvar
· Administrativ leiing
Du vil ha hovudansvar for å utvikla satsingsområda for barnehagen vidare:
· Livsmeistring -- robuste born og unge
· Inkluderande barnehagemiljø
· Vaksenrolla -- autoritative vaksne
Kvalifikasjonar for stillinga:
· Godkjent barnehagelærarutdanning, eller anna treårig pedagogisk utdanning på høgskulenivå med vidareutdanning i barnehagepedagogikk
· Erfaring som styrar/assisterande styrar er ynskjeleg, men relevant erfaring med pedagogisk og administrativ leiing kan kompensera for dette kravet
· Gode leiareigenskapar og evna til å vera ein tydeleg og inkluderande leiar med fokus på vidare pedagogisk utvikling av barnehagen
· Økonomiforståing og IKT-kompetanse
Me tilbyr:
· Løns- og pensjonsvilkår etter PBL sin tariff
· Godt arbeidsmiljø med dyktige og engasjerte medarbeidarar
· Pensjonsavtale i Storebrand
· Ein barnehage med særpreg
· Faste sosiale samankomstar
· Støtte til medlemskap i Spenst Sogndal
Om du trur du kan trivast, og vil gjera ein god jobb som dagleg leiar i Rones barnehage, vil me gjerne høyra ifrå deg.
Politiattest vert krevd ved tilsetjing i tråd med barnehagelova §30.
Spørsmål kan rettast til dagleg leiar Merete Kvist Rydvang, tlf: 922 48 442 eller styreleiar Erik Kyrkjebø, tlf: 930 59 349.
Søknadsfrist: 21. mai 2024
Søknad med rettkjende kopiar, vitnemål og attestar sendast til:
Rones Barnehage, Helgheimsvegen 7, 6856 Sogndal, eller som e-post med vedlegg til post@ronesbarnehage.no
Om bedriften
Rones barnehage er ein privat, foreldredriven barnehage - ein kort spasertur ifrå Sogndal sentrum. Barnehagen ligg solrikt til med flott utsyn mot fjorden og fjella, og med kort veg til flotte turmål i nærmiljøet. Me har totalt 73 barn fordelt på fira avdelingar med born i alderen 1-6 år.
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2632455
- Sist endret
26. april 2024
- Hentet fra
FINN
- Referanse
350031369