Kulturskulelærar - treblås
Org.nr.:920290922 Stillingsident: Kulturskulen Presentasjon av stillingen :
Avdeling
Kulturskulen i Alver er ein svært viktig del av kulturlivet i kommunen. Kulturskulen tilbyr undervisning innan kunstformane musikk, teater, dans og visuell kunst. Undervisninga er desentralisert, men med hovudvekt av undervisninga på kulturskulesentra på Manger, Frekhaug og i Knarvik.
Kort om stillinga
Frå 01.08.2020 til 08.02.2021 er det følgjande undervisningsstilling ledig i kulturskulen: Vikariat 10,28% - Treblåspedagog
Undervisningsdag: etter avtale (kan gjerne kombinerast med tilsvarande stilling tilknytta Sagstad skulekorps)
Stad: Sagstad skule
Han/ho som får tilbod om stillinga vert tilsett i Alver kommune, med tenestestad Alver kulturskule. Dersom det vert endring av elevgrunnlag eller personalsamansetjing ved skulen må evt. endring av undervisningsstad og stillingsinnhald kunne påreknast. Han/ho som blir tilsett har ôg plikt til oppmøte på stabs- og planleggingsmøta i kulturskulen som ein del av stillinga, talet møte vert rekna ut etter stillingsstorleik.
Søkjar må levere gyldig politiattest.
Arbeidsoppgåver
- Undervisning av einskildelevar, prosjekt i grupper og samspel i tillegg til samarbeid med andre kulturskuledisiplinar og lokalt lagsliv.
- Tilrettelegging og utarbeiding av planar, møteverksemd og samarbeid med kulturskuleadministrasjonen.
- Undervisninga finn stad etter grunnskulen sin undervisningsdag.
Ønska kompetanse
Relevant kulturfagleg og pedagogisk høgskuleutdanning og relevant erfaring. Søkjarar med relevant erfaring, men utan formell kompetanse kan og søkje.
Personlege eigenskapar som engasjement og initiativ, og glede i å undervise born og unge vert vektlagt.
Vi tilbyr
Lønn- og tilsetjingsvilkår i samsvar med lov- og avtaleverk. Link til søknadsskjema: Send søknad For mer informasjon kontakt: , Glenn Sørskår, Mobil 462 99 332, Epost: glenn.sorkar@alver.kommune.no
Om bedriften
Kulturtenesta i Alver er organisert i fire avdelingar med til saman kring 90 tilsette, og leverer tenester innan kulturskule, bibliotek, idrett, ungdomsklubbar, musikk, kulturvern, friluftsliv, scene, kulturbygg og frivilligsentralar. Kulturtenesta sine tenester er desentraliserte, men har sentraladministrasjon i Knarvik.