Sjukepleiar eller vernepleiar
Stor oppdragsmengde og stort vikarbehov gjer at Helse- og omsorgsetaten i Ulstein kommune vil rekruttere til og styrke bemanninga ved å tilsette sjukepleiarar og/eller vernepleiarar i ressursbanken. Andre med relevant utdanning kan også søke.
I ressursbanken har du fast stilling og du får fast turnus. Stilling i ressursbanken vert kombinert med stilling i ei bestemt avdeling. I ressursbanken er du tilgjengeleg for arbeid i dei ulike avdelingane på sjukeheimen, i heimebasert omsorg eller i nattenesta og gå inn i ledige vikariat etter behov.
I nær framtid vil vi også ha behov for sjukepleiar i tenesta innan psykisk helse og rus. Det betyr at det på sikt vil kunne bli mogleg å endre arbeidsstad frå ressursbank til fast avdeling.
Arbeidsoppgåver
Oppgåvene varierer mellom dei ulike avdelingane.Kvalifikasjonar
Offentleg godkjenning som sjukepleiar eller vernepleiar, gjerne med vidareutdanning innan psykisk helse og rus.
Førarkort klasse B (for manuell gir).
Datakunnskap til å nytte våre journalsystem.
Personlege eigenskapar
Vi søkjer deg som vil ha ein spennande jobb i kommunehelsetenesta, som er fleksibel og nysgjerrig på å prøve ut ulike arbeidsplassar og avdelingar.
Kan jobbe sjølvstendig og i team.
Lærer lett nye arbeidsmetodar og har teknisk innsikt.
Kan godt norsk både munntleg og skriftleg
Erfaring med og evne til å legge til rette for god kommunikasjon med brukarane.
Taklar å arbeide i eit hektisk miljø.
Er roleg og trygg i utfordrande situasjonar.
Er pliktoppfyllande og har gode verdiar.
Er positiv og engasjert i jobben.
Er med på å skape trivsel på arbeidsplassen.
Vi tilbyr
Regulert løn og avtalevilkår.
Ekstra tillegg for arbeid på demensavdeling og natt.
Eit trygt og godt arbeidsmiljø.
Alternative turnusar, som til dømes langvakter.
Aktiv bruk av moderne velferdsteknologi.
Gode pensjons- og forsikringsvilkår.
Kontaktinformasjon
Heidi Strand, Einingsleiar 1, 98230640, heidi.strand@ulstein.kommune.noArbeidsstad
Alvehaugen bu- og rehabiliteringssenter6065 ULSTEINVIK
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Helse- og omsorgsetatenReferansenr.:4523556016
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 12.06.2022
Om bedriften
Mellom storhavet og Sunnmørsalpane ligg Ulstein kommune med kommunesenteret Ulsteinvik. Hos oss står nyskaping og bulyst i høgsetet. Folketalet stig og nye utbyggingsprosjekt har blitt prisløna dei siste åra. Vi driv godt, har stram men ordna økonomi, gode tenester og høg fagleg kompetanse. Vi huser store maritime verksemder med global marknad og hjarte for lokalsamfunnet. Saman med engasjerte innbyggarar, ein blømande frivillig sektor og eit allsidig næringsliv skaper vi framtida.