Miljøterapeut - helg
Stavanger akuttsenter, avdeling Madla
Kompani Linges vei 23, 4045 Hafrsfjord, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Miljøterapeut - helg
Type ansettelse
Fast, deltid 30%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
6
Søk på jobben
Søk senest i dag
Hausten 2024 har Stavanger akuttsenter, avdeling Madla utvida antall akuttplassar. Vi har ledige faste helgestillingar i ulike stillingsprosentar som miljøterapeut. Stillingane vil variere fra ca 20-50%. Vi er i ei spennande utvikling der vi styrkar avdelinga vår med bemanning og kompetanse.
Vi ser etter deg som har stort engasjement og eit hjarte for ungdom.
Ungdomane du skal hjelpe kjem til oss i ei kritisk stund i eiga liv. Vil du vere med å hjelpe dei? Vere der for dei når det gjeld som mest? Gje dei omsorg, varme og tryggleik i timane, dagane og vekene som kjem?
Det å jobbe i akutten byr på spanande utfordringar, høgt tempo og varierte oppgåver. Vi set kvalitet høgt, har eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar, internt opplæringsprogram og eiga fagavdeling. Vi tilbyr gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
Ved Stavanger akuttsenter, avdeling Madla, er det ledig fleire faste stillingar mellom ca 20-50% knytta til helg. Tiltreding etter avtale.
Avdelinga vil etter turnusendring ha vakter frå 8 til inntil 16 timar. For helgestillingar vil det vere arbeid kvar andre eller fjerde helg.
Vi ynskjer ei lik kjønnsfordeling blant tilsette på våre institusjonsavdelingar. På bakgrunn av dette oppmodar vi særskild menn til å søkje.
Dersom du finn meining i dette, og har eigenskapane, utdanninga og erfaringa som skal til, kan dette vere rette jobben for deg.
Stavanger akuttsenter, avdeling Madla tek imot ungdom plassert etter Lov om barnevern §§ 6-1 og 6-2/ 5-1. Vi har p.t. plass til 4 ungdomar i alderen 13-18 år.
Ungdomane bur på institusjonen inntil akuttsituasjonen er avklara, med eit mål innan 28 dagar. Opphaldet i institusjonen skal bidra til utgreiing og kartlegging i forhold til eventuelle vidare tiltak. Senteret har 2 institusjonsavdelingar og 79 beredskapsheimar fordelt på to avdelingar; ein i Haugesund og ein i Stavanger. Vi bistår heile Rogaland og tek i mot ca. 350 barn i året.
Arbeidsoppgåver
- Målretta fagleg og miljøterapeutisk arbeid i tråd med traumebasert omsorg, senteret sine retningsliner og fagleg rettleiar.
- Motivera og engasjera ungdomane i positive aktivitetar, samt bidra til at bebuarane får delta og oppleva tryggleik og trivsel mens dei bur hjå oss.
- Samarbeid med foreldre/føresette, sosialt nettverk, kommune, inntaksavdeling, skule og andre viktige samarbeidspartnarar rundt den einskilde ungdom.
- Rapportskriving og anna skriftleg dokumentasjon.
- Hovudkontaktansvar kan påreknast - til dømes bruk av kartleggingsverktøy, utarbeida handlingsplanar og retningsliner, skrive rapportar og gjennomføra strukturerte samtalar og sikre medverknad.
- Praktiske oppgåver knytt til institusjonsavdeling.
- Ansvarsvakt.
Kvalifikasjonar
Krav til stillinga:
- Fullført 3-årig sosialfagleg høgskuleutdanning (sosionom, barnevernspedagog eller vernepleiar) tilsvarande 180 studiepoeng.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad som til dømes sjukepleiar, pedagog, psykolog eller lærar kan vurderast, fortrinnsvis med 60 stp. relevant vidareutdanning.
- Søkjarar med anna relevant bachelorgrad, eller påbegynt treårig relevant høgskuleutdanning, kan vurderast.
- Søkjarar utan høgskuleutdanning, men med relevant praksis og/eller fagbrev som barne- og ungdomsarbeidar, kan og søkje.
- Krav om god munnleg og skriftleg framstillingsevnepå norsk.
- Sjølvstende i skriftleg arbeid og god kunnskap i bruk av dataverktøy i dokumentasjonsarbeid.
- God fysisk og psykisk helse.
- Krav om førarkort for personbil kl. B.
- Det er ønskjeleg med erfaring frå miljøterapeutisk arbeid i barnevernsinstitusjon og/eller barne- og ungdomspsykiatri.
Personlege eigenskapar
- Vi søkjer deg som vert motivert av ansvar, arbeider sjølvstendig, er trygg i vaksenrolla og som kan romme ungdomane og deira behov.
- Du må ha evne til å oppretthalde ein god struktur, eit fagleg perspektiv og å samarbeide i team.
- Du er fleksibel og trivst med store utfordringar, og du har evne til hurtig omstilling.
- For deg er medverknad og samarbeid med familie, nettverk og andre samarbeidspartar ein viktig del av det miljøterapeutiske arbeidet.
For oss er det også svært viktig korleis du som person passar til jobben. Dette vil bli tatt med i den totale vurderinga.
Vi tilbyr
- Stillingane er plassert i statleg lønsregulativ i stillingskode 1495 barnevernspedagog, 1494 sosionom, 1489 miljøterapeut eller 1508 vernepleiar, p.t. kr 466 600 - kr 594 500 pr. år (ltr. 45-61).
- Ved relevant vidareutdanning tilsvarande 60 studiepoeng kan det tilsetjast i stillingskode 1510 spesialutdanna barnevernspedagog, 1185 spesialutdanna sosionom, 1509 spesialutdanna vernepleiar, 1534 spesialutdanna miljøterapeut, p.t. kr 524 700 - kr 624 500 pr. år (ltr. 53-64) eller 1173 klinisk sosionom eller 1496 klinisk barnevernspedagog, p.t. kr 532 200 - 624 500 pr. år (ltr. 54 - 64).
- For søkarar utan høgskuleutdanning eller ikkje fullført bachelorgrad, kan stillinga plasserast i stillingskode 1486 miljøarbeidar, p.t. kr. 394 100 - 454 500 (ltr 30-43), 1203 fagarbeidar, p.t. kr. 432 800 - 487 800 (ltr. 39-48) eller 1488 miljøterapeut, p.t. kr. 443 000 - 502 300 (ltr. 41-50).
- Løn og stillingskode vert vurdert etter utdanning og erfaring.
- Medlemskap i Statens pensjonskasse jf. Lov om Statens pensjonskasse, som inneber ein god tenestepensjonsordning, moglegheit for bustadlån til konkurransedyktige vilkår, samt yrkesskade- og gruppelivsforsikring.
Dessutan kan vi tilby:
- Gode høve for utvikling, rettleiing, og fagleg oppfølging i eit godt arbeidsmiljø.
- Eit godt fagmiljø med eigne arbeidsmodellar og internt opplæringsprogram.
- Du får vere med på å løfte oss slik at vi kan gi barn og unge og familiar eit enda betre tilbod, og det meiner vi har ein stor verdi i seg sjølv.
Informasjon til deg som søkjer:
- Inkludering og mangfald er ei styrke og gjer at vi kan løyse oppgåvene våre enda bedre. Derfor ønskjer vi oss medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaringar og perspektiv. Har du funksjonsnedsettelse, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, oppfordrer vi deg som søkar til å krysse av i jobbsøkerportala. Er det kvalifiserte søkare, kaller vi inn minst éin i kvar gruppe til intervju, og får du jobben, legger vi til rette for deg om du treng det. Utanom å velge ut rette kandidatar bruker vi ikkje avkrysningane til noko anna enn anonymisert statistikk.
- Stillingane er for tida lagt til Stavanger akuttsenter, avd Madla.
Politiattest må fremlegges ved tilsetjing, jf. lov om barnevern § 12-11 andre ledd, og forskrift om politiattest § 7. Denne attesten skal ikkje leggast med søknaden.
Du kan be om å ikkje bli oppført på den offentlege søkerlisten. Dette må i så fall begrunnas. Vi kontakter deg dersom ynskjet ditt ikkje tas til følge.
Søknad med CV sendast elektronisk via link på denne sida. Vitnemål og attestar med bekrefta stillingsstorleik og varigheit skal takas med ved et evt. intervju.
Kontaktinformasjon
Arne Veivåg, 46618813Monika Høyer Haugland, Avdelingsleiar, 47844074, monikahoyer.haugland@bufetat.no
Bernt Magne Egeland, 46619333
Arbeidssted
Kompani Linges vei 234045 Hafrsfjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgiver: BufetatReferansenr.: 4741694193
Stillingsprosent: 30%
Fast
Søknadsfrist: 10.11.2024
Kontaktpersoner for stillingen
Bernt Magne Egeland
46619333
Arne Veivåg
46618813
Om bedriften
Bufetat, region vest femner om fylka Vestland og Rogaland. Regionkontoret ligg i Bergen.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2767222
- Hentet fra
talentech
- Referanse
52f20bcc181f4a44886e6df7f3f01ee1