Har du lyst på ein kjekk sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun?
Voss herad Vossestrand omsorgstun
Oppheimsvegen 35, 5713 Vossestrand, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Sommarjobb på Vossestrand Omsorgstun
Type ansettelse
Sesong, deltid 10%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest mandag 31. mars
Kommunalavdeling helse og omsorg ynskjer medarbeidarar som er oppteken av faget sitt og som har eit ynskje om å utvikla seg. Er du ein slik person så er du hjarteleg velkomen til å arbeida saman med oss i Voss herad sine helsetenester. Hos oss vil du få moglegheit til å påverka tenestene. Me nyttar forsking og erfaringskunnskap og har alltid tenestemottakar i sentrum når me planlegg korleis morgondagens tenester skal vera. For å møte framtidas utfordringar ynskjer me å satse betydeleg meir på førebygging og tidleg innsats.
Om avdelinga:Vossestrand Omsorgstun ligg nydeleg til ved Oppheimsvatnet på Oppheim. Ca 2 mil frå Voss Sentrum.
Det er 26 bebuarar i institusjon, fordelt på 3 avdelingar. Me har heimeteneste med omlag 50 brukarar som me bistår med både heimesjukepleie og heimehjelpsoppdrag.
Er du interessert i ei meiningsfull og gjevande sumarjobb i eldreomsorga?
Då har vi jobben for deg! På Vossestrand Omsorgstun er me på jakt etter nye kollegaer til å jobba ilag med oss i ferien. Du vil sjølvsagt få både opplæring og oppfylgjing av flotte kollegaer på arbeidsplassen.
Tilsetjinga vil skje fortløpande i perioden. Sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, elevar, studentar, assistentar er oppmoda om å søkje.
Søknaden må innehalde opplysningar om:
- Tidsrommet du kan arbeide i perioden frå juni-august, med hovudvekt på juli.
- Søkjarar som har vore i ferievikariat tidlegare, og som kan arbeide minimum 4 veker samanhengande vil verte prioriterte.
- Oppgje evt. når du ikkje er tilgjengeleg i denne perioden
- Søkjar må vere 18 år. Om søkjar er 16-18 år kan det takast individuelle vurderingar.
- Bilsertifikat
Arbeidsoppgåver:
- Arbeidsoppgåvene er varierte: stell, pleie, omsorg, aktiviteta, tilrettelegging av måltid, og praktisk arbeid.
- All samhandling skal utførast med respekt og ha fokus på kva som er viktig for bebuar. Miljøarbeid og personsentrert omsorg er viktig metodikk. Turnusarbeid med helgearbeid.
- Me ynskjer å ha akkurat deg som kollega i våre arbeidsteam i sumar.
Me søkjer sjukepleiar, vernepleiar, helsefagarbeidar, studentar, elevar og ufaglærte, som ynskjer å jobbe med pasientomsorg til brukarane våre på ein god måte, og yte tenester av høg kvalitet.
Me søkjer også deg som kunne tenkja deg å arbeide på natt, eller kombinera turnusarbeid med nattarbeid. - Me legg vekt på personlege eigenskapar som godt humør, stå på vilje og samarbeidsevner og gode norskkunnskapar.
Godkjent politiattest må framleggjast før tiltreding i stillinga
Me tilbyr:- E-læringskurs og god opplæring.
- ein spanande, meiningsfull og lærerik sumarjobb.
- eit godt tverrfagleg og sosialt miljø.
- varierte arbeidsdagar med arbeid dag, kveld og helg. Og eventuelt på natt.
Ver vennleg og legg ved vitnemål og attestar som vedlegg til søknaden.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2855380
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3462233_213575_nn