Lærar/spesialpedagog
ASA - Avd. HTH/HTA, Vestland fylkeskommune
5116 Ulset, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærar/spesialpedagog
Oppstart
1. januar 2025
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Dagtid, ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
2
Åsane vidaregåande skole flytta inn i nye lokale august 2020. Lokala ligg sentralt plasserte mellom Åsane senter og Horisont. Skolebygningen inneheld mange forskjellige interesseområde i tillegg til vidaregåande skole. Blant anna bibliotek, tannhelseteneste, rettleiingsteneste og Åsane og Arna kulturkontor. Ved oppstart august 2022 har vi ca. 1500 elevar, deltakarar i vaksenopplæringa og i fengselseopplæringa. Vi tilbyr opplæring innan helse- og oppvekstfag, teknikk og industriell produksjon, elektrofag, byggfag, salg, service og reiseliv, idrettsfag og påbygg til generell studiekompetanse i tillegg til opplæring i små grupper for elevar med særskilde behov.
Skolen arbeider ut frå visjonen «sammen gjør vi hverandre gode» og vårt mål er at våre elevar gjennom daglege trivsels- og meistringsopplevingar skal oppnå økt motivasjon og lærelyst, slik at dei er best mogleg førebudd for livet vidare.
Stillingane er på tilrettelagt avdeling for elevar med særskilte behov (kvardagslivstrening), der elevane får individuelt tilpassa spesialundervisning i lita gruppe etter individuell opplæringsplan (IOP).
Det er 2 lærarstillingar ledig frå 1.1.25
Menn vert oppfordra om å søkje.
Arbeidsoppgåver
Læraren vil ha ansvaret for å utarbeide individuell opplæringsplan (IOP) for kvar elev og gje opplæring i henhold til denne. Hovudfokuset i opplæringa er på emosjonsregulering, skape tryggleik, kommunikasjon, øve opp sjølvstendigheit, trene sosial kompetanse og elevmedverknad.
Undervisninga er strukturert i grupper på 4-5 elevar med bemanning av lærar og miljøfagarbeidarar. Ein brukar ulike arenaer både inne og ute. Opplæringssituasjonane består av både gruppeundervisning og individuell undervisning der målet er at elevane skal tileigne seg kunnskap og ferdigheiter slik at dei får best mogleg føresetnader for å meistre kvardagen med utgangspunkt i eige funksjonsnivå.
Kontaktlærarfunksjon kan bli tillagt stillinga. Dette inneber å leie si undervisningsgruppe, koordinering og samarbeid med foresatte og ulike instansar knytt til den enkelte elev.
Kvalifikasjonar
Den som vert tilsett i stillinga må ha pedagogisk utdanning og relevant utdanning frå høgskule eller universitetsnivå, helst lektorutdanning. Det er krav om spesialpedagogisk kompetanse.
Det er viktig med erfaring i bruk av digitale læringsverktøy og godt kjennskap til ASK (Alternativ Supplerande Kommunikasjon).
Det vil vektleggast at ein har relevant praksis frå tilsvarande avdeling og erfaring frå elevar med utviklingshemming, i autismespekteret og/eller andre diagnosar.
For å bli tilsett i skulen må søkjar legge fram godkjent politiattest.
Til alle undervisningsstillingar er det krav om relevant fagleg og pedagogisk kompetanse, jfr. opplæringslova.
Alle faste nytilsettjingar i Vestland fylkeskommune blir gjort med 6 månader prøvetid.
Personlege eigenskapar
Vi ynskjer at den tilsette skal vere raus, tydeleg, sjølvstendig, fleksibel og ha evne til å bygge gode relasjonar.Vi tilbyr
Eit godt arbeidsmiljø med gode kollegaer.
Lønn etter off. regulativ i samsvar med utdanning og praksis.
Gode forsikrings- og pensjonsordningar.
Kontaktinformasjon
Idar Kløvning, avdelingsleiar, 97094361Arbeidsstad
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Vestland fylkeskommuneReferansenr.: 4889592394
Stillingsprosent: 100%
Fast
Startdato: 01.01.2025
Søknadsfrist: 10.12.2024
Om bedriften
Vestland fylkeskommune har ansvar for å utvikle Vestland fylke og å yte viktige tenester for samfunnet. Vi gir vidaregåande opplæring, tannhelsetenester og kollektivtransport til innbyggjarane i fylket. Vi har ansvar for vegsamband og legg til rette for næringsutvikling, fritidsopplevingar, kulturliv og inkludering. Klima og miljø er premiss for samfunnsutviklinga og som verdiskapingsfylke er Vestland ein nasjonal pådrivar for eit desentralisert Noreg.
Vi skal vere ein trygg og inkluderande arbeidsplass for alle, uavhengig av kjønn, alder, etnisk bakgrunn, religion, livssyn, funksjonsevne, seksuell orientering og kjønnsidentitet. Hos oss jobbar vi aktivt med mangfald, inkludering og likestilling. Mangfald bidrar til auka innovasjon, berekraft, effektivitet, læring og trivsel. Vi vil at dei som jobbar hos oss skal spegle samfunnet i Vestland.
Vi gjer merksam på at i følgje offentleglova § 25, 2. ledd, kan opplysningar om søkjaren bli offentleggjort sjølv om du har oppmoda om å ikkje bli ført på offentleg søkjarliste. Dersom du har bedt om unntak frå offentleg søkjarliste vil du alltid bli varsla før søkjarlista blir offentleggjort.
Alle nye tilsetjingar blir gjort med ei prøvetid på 6 månader. Administrasjonsmålet vårt er nynorsk.
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2799085
- Hentet fra
talentech
- Referanse
c7bcfb74f8f8430a8196f0744b056959