Fast stilling som fyrstekonsulent/rådgjevar i HR-seksjonen
Mangfold og inkludering i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er opptekne av mangfald, og meiner inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer å vere ein arbeidsstad som speglar folket, og vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å medverke til endå betre oppgåveløysing. Vi oppmodar derfor alle kvalifiserte kandidatar til å søkje.
Vi har eit personalpolitisk mål om å inkludere personar med nedsett funksjonsevne og personar som har stått utanfor arbeid eller utdanning i lengre tid, og vi legg til rette arbeidstilhøva om det trengst.
Dersom det er kvalifiserte søkjarar med funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn, skal vi kalle inn minst éin søkjar i kvar av desse gruppene til intervju.
For å bli vurdert som søkjar i desse gruppene, det vil seie positivt særhandsama på denne måten, må søkjarane oppfylle visse krav. Les meir om krava på Arbeidsgjevarportalen
Vi oppmodar deg til å krysse av i jobbportalen dersom du har funksjonsnedsetjing, hol i CV-en eller innvandrarbakgrunn. Avkryssinga i jobbsøkjarportalen gjer grunnlag for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i sine årsrapportar.
Arbeidsoppgåver i rolla
Den nye kollegaen vår skal jobba med
- generelle driftsoppgåver på HR-feltet
- rekruttering; foreta publisering, søknadsadministrasjon, utarbeide arbeidsavtalar mm.
- å utarbeida statistikk og analyse knytt opp mot HR-feltet.
Kvalifikasjonar og eigenskapar
Krav til kvalifikasjonar
- Minst bachelor - /cand.mag.-grad innan administrasjon og leiing, kommunikasjon, juridiske fag, sosiologi, statsvitskap eller liknande.
- Interesse for HR-faget
- Interesse for å utarbeida statistikk og analyse
- Røynd brukar av Word og Excel
- God skriftleg og munnleg framstillingsevne på norsk
- Det er ein fordel om du har kjennskap til relevant lov- og avtaleverk i staten
Personlege egenskapar
Den nye kollegaen vår
- er oppteken av den felles måloppnåinga vår
- har god forståing for tal og statistikk
- er sjølvstendig, strukturert og effektiv
- ser verdet av å finna gode rutinar
- er utviklingsorientert
- er ein raus og omgjengeleg person
Vi legg særleg vekt på om du høver som person.
Vi tilbyr
- 100 % fast stilling
- Sjølvstendige og varierte arbeidsoppgåver
- Høve til fagleg utvikling
- Godt arbeidsmiljø
- Fleksibel arbeidstid
- Trening i arbeidstida
Les meir om å jobbe hos HOD her: Jobbe i Helse- og omsorgsdepartementet
Vi er underlagde lov- og avtaleverk som sikrar dei tilsette ryddige arbeids- og tenesteforhold.
Løn kr 450 000 - kr 620 000 avhengig av kvalifikasjonar og erfaring. For særleg kvalifiserte søkarar kan vi vurdere høgare løn.
2 % innskot til Statens pensjonskasse blir trekt frå løna. Medlemskapen er ei av dei beste pensjonsordningane i landet, med gunstig bustadlån og gode forsikringsordningar.
Vil du vite meir?
Nærare opplysningar om stillinga ved avdelingsdirektør Kathrine Kjemphol Nygård mob. 402 88 960 eller rådgjevar Anne Buer mob. 958 82338.
Slik søkjer du
Send søknad elektronisk via lenka "Søk stillinga" nedst på sida til JobbNorge.no.
Legg ved vitnemål og eventuelle attestar, og legg inn opplysningar til din CV.
Alle dine personopplysningar vert tatt vare på i samsvar med GDPR.
Unntak fra offentlig søkerliste
I samsvar med offentleglova § 25 gjer vi merksam på at opplysningar om søkjaren kan bli offentleggjort sjølv om søkjaren har bede om ikkje å bli ført opp på søkjarlista.
Om bedriften
Om Helse- og omsorgsdepartementet
Helse- og omsorgsdepartementet (HOD) har det overordna ansvaret for at folk får gode og likeverdige helse- og omsorgstenester. Departementet har ansvar for folkehelsepolitikken og primærhelse- og spesialisthelsetenesta, medrekna e-helse, helserett og eigarskapsforvaltning av helseføretaka.
Departementet har 230 tilsette.
Les meir om oss på regjeringa.no.