60% stilling som assisterande styrar og 40% stilling som pedagogisk leiar ved Rabben barnehage
Ullensvang kommune Rabben barnehage
Opheimsgata 31, 5750 Odda
Om jobben
Type ansettelse
Annet
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
60% stilling som assisterande styrar og 40% stilling som pedagogisk leiar i Rabben barnehage
Stillinga er ledig frå 1. november 2024
Rabben barnehage er ein 5 avdelings barnehage med 74 barn/102 plassar, som ligg på Eide i Odda, nær den vidaregåande skulen, ungdomsskule og Odda stadion. Hovden naturområde ligg like ved. Barna skal oppleva tryggleik, trivsel, glede, leik, fellesskap, meistring og læring i barnehagen vår! Me nyttar heile nærområdet vårt som ein del av barnehagetilbodet. Barnehagen har mange faste turplassar og områder som vi brukar til leik, læring og kunnskapsbygging om byen og naturen vår.
Me ynskjer oss ein assisterande styrar og barnehagelærar som er engasjert på vegne av barna. Du likar å samarbeide med andre, har evne til å skape gode relasjoner, jobbe systematisk, sjølvstendig og ta ansvar. Du er opptatt av kvalitet i barnehagen og ynskjer å utvikle deg faglig. I tillegg er du digitalt kompetent og oppdatert og ynskjer å bidra og vere ein pådrivar til eit godt arbeidmiljø.
Arbeidsoppgåver:
Som assisterende styrar har du ansvar for
Medhjelpar for leiar i merkantile oppgaver
Å planleggja, tilretteleggja, gjennomføra, vurdera og dokumentera det pedagogiske og praktiske arbeidet i barnehagen i samsvar med gjeldande lovverk
væra ein pådrivar til eit godt arbeidsmiljø
Å leggja til rette for eit godt personalsamarbeid.
Å vurdera barnehagen sine samla ressursar; som medarbeidarens kvalifikasjonar, tid ein har til disposisjon, barnehagens fysiske rammebetingelsar og barnegruppas forutsetningar.
Væra ein pådrivar i organisering, registrering av fråvær og skaffe vikarer.
Ha gode data kunnskaper, som å arbeida i Google systemer og Visma
Kvalifikasjonar
Utdanning: Barnehagelærerutdanning, andre søkjarar kan og bli vurdert om dei har relevant erfaring, og viser interesse for arbeidet.
Evne til å jobba målretta, sjølvstendig og systematisk
Digitale kunnskaper
Personlege eigenskapar- og interesse for arbeidet vert sterkt vektlagt.
Norskkunnskapar tilsvarande nivå A2 i skriftleg framstilling og nivå B1 i leseforståing, lytteforståing og munnleg kommunikasjon
Me tilbyr:
Varierte arbeidsoppgåver i eit travelt, men kjekt arbeidsmiljø
Løn etter hovudtariffavtalen
Rekrutteringsavtale for pedagogisk leiar stillingen:
etter 1 år som barnehagelærar får ein utbetalt kr 30.000,-
etter 2 år som barnehagelærer får ein nye 30.000,-
Gode moglegheiter for kompetanseheving med støtte frå kommunen
Ullensvang kommune har inkluderande arbeidsliv (IA), fleksibel arbeidstid og gode permisjons- og pensjonsvilkår.
Til orientering om Offentleglova:
Utgangspunktet er at alle søkjarnamn er offentlege etter Offentleglova. Det betyr at ditt namn vert gjort offentleg på kommunen si postliste når du har søkt ledig stilling.
For å gjera unntak må kommunen ha heimel i lova og vurdera konkret i kvar sak kva som er grunnen til unntaket.
I følgje offentleglova § 25 vert det stilt følgjande krav for å få unntak:
"Det kan likevel gjerast unntak frå innsyn for opplysningar om ein søkjar dersom vedkommande sjølv ber om det. Ved vurderinga av om ei slik oppmoding skal takast til følgje, skal det leggjast vekt på om det knyter seg særleg offentleg interesse til stillinga. I utlysinga skal det gjerast oppmerksam på at opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført opp på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.
Arbeidsavtalar i Ullensvang kommune:
Dei som vert tilsett i Ullensvang kommune får tilsendt arbeidsavtale til digital signering. Du får tilsendt sms og e-post med link til digital arbeidsavtale. Viss du har fått munnleg melding om at du er tilsett vil du få tilsendt arbeidsavtale. Viss du ikkje får e–post i innboksen din, sjekk uønska e-post/søppelpost, eller fylge følgjande link: https://signering.posten.no/
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2724055
- Sist endret
9. september 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3393201_193977_nn