Ønskjer du ei spanande læretid med varierte arbeidsoppgåver i eit godt arbeidsmiljø?
Askvoll kommune Helse og omsorg
Askvoll omsorgssenter, 6980 Askvoll, Hjemmekontor ikke mulig
Om jobben
Stillingstittel
Lærling i helsearbeidarfaget
Type ansettelse
Lærling, heltid 100%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 16. mars
Vil du vere med på å verkeleg bety noko for mennesker og utgjere ein forskjell i livet deira? Er målet ditt å få fagbrev i helsefagarbeidarfaget? Bli ein del av eit fagmiljø med høg kompetanse og søk på ledig lærlingplass innan helsefagarbeid hjå oss!
Askvoll kommune har to ledige lærlingplassar innan helsefagarbeidarfaget frå 18.08.2025 – 17.08.2027. Vi tek òg imot søknadar frå lærekandidatar.
Som lærling vil du samarbeide tett med din rettleiar og andre medarbeidarar, og vi legg til rette for at du skal få brei erfaring innan ditt fagfelt. Læretida vert fordelt mellom einingar innan helse- og omsorgsetaten, med læretid innan fleire typar avdelingar med mogelegheit for hospitering og tilpassing av læretida etter ønskje.
- Førebuing til fagprøva gjennom å planlegge og gjennomføre aktivitetar knytt til læreplanmåla for faget ditt
- I det daglege vil du arbeide som ein helsefagarbeidar, som inneber å hjelpe ulike brukargrupper med gjennomføring av kvardagslege gjeremål som personleg hygiene, måltid, aktivitetar og generell tilrettelegging av kvardagen
- Utøve pleie og omsorg i tråd med gjeldande krav til kvalitet, lovverk og Askvoll kommune sine visjonar og mål
- Etaten nyttar Acos CosDoc som dokumentasjonsverktøy og naudsynt opplæring vil verte gjeven
- Fullført og bestått relevant VG1 og VG2
- Kvalifisert til lærekontrakt
- Beherske data som verktøy
- Må beherske norsk munnleg og skriftleg tilstrekkeleg til å utøve yrket forsvarleg
- Som lærling i helsearbeidarfaget må du like å jobbe med mennesker
- Du er samarbeidsviljug, fleksibel og påliteleg
- Du trivast i møtet med pasientar og pårørande, og er oppteken av brukarane sine behov
- Du må kunne vise omsorg og bry deg om andre menneske, og du må vise omsyn og respekt
- Evne til læring og omstilling er viktig
- Vilje til å stå på og hjelpe ein kollega når det trengs
- Kan takle ein hektisk og variert arbeidskvardag
- Du må ha gode samarbeidsevner sidan du i tillegg til å vere tett på pasientar og brukarar, samstundes må kunne samarbeide med pårørande og andre yrkesgrupper
- Rettleiarar og instruktørar på praksisplassen med god og relevant fagleg bakgrunn og erfaring. Oppfølging av lærling skjer i samarbeid med opplæringskontoret.
- Mogelegheit til eigenutvikling og refleksjon
- Trivelege arbeidsplassar med godt læringsmiljø
- Gode arbeidsmiljø med erfarne og engasjerte kollegaer
- Verdifull arbeidserfaring og godt dokumentert praksis
- Målretta rettleiing i både det teoretiske og praktiske arbeidet
- Løn i høve gjeldande tariffavtale
- Gode forsikringsordningar
- Vi har eiga leilegheit avsett til lærlingar, dersom buplass er problematisk
Ved opptak til ein lærlingplass vil kommunen legge stor vekt på personlege eigenskapar. Aktuelle kandidatar vert kalla inn til intervju. Søkjarar med ungdomsrett som har bestått VG1 og VG2 vil vere prioritert. Søkjarar som ikkje har bestått enkeltfag kan likevel verte vurdert.
Vi vonar du ønskjer å verte lærling i Askvoll kommune og ser fram til å få deg med på laget!
Tilsetjing skjer på dei vilkår og med dei plikter som til ei kvar tid går fram av gjeldande lover, reglar og tariffavtalar. Politiattest av nyare dato vert krevd før start i stilling.
Askvoll kommune legg vekt på mangfald på arbeidsplassen og oppfordrar kvalifiserte kandidatar til å søkje – uavhengig av alder, seksuell orientering, kjønn og kjønnsidentitet, funksjonsnedsetting og nasjonal eller etnisk bakgrunn. Arbeidsvilkåra vert tilrettelagde for personar med nedsett funksjonsevne.
Vi gjer merksam på at søkjarar kan verte offentleggjort (offentleg søkjarliste). Søknader om å verte unnateke offentlegheita må grunngjevast, og vert vurdert fortløpande. Dersom det ikkje er særlege grunnar for å unnta offentleggjering, vil søkjaren bli kontakta og få høve til å trekke søknaden sin før søkjarliste blir gjort offentleg.
Link til søknadsskjema: Søk her
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Sektor
Offentlig
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2869642
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3466449_140347_nn