Førde bu- og miljøteneste, eining 1 har ledige
Sunnfjord kommune Førde bu- og miljøteneste, eining 1
Hafstadvegen 42, 6800 Førde
Om jobben
Stillingstittel
Helgestillingar
Type ansettelse
Annet, deltid 13%
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
3
Førde bu- og miljøteneste, eining 1 yt døgnkontinuerlige tenester til personar med psykisk utviklingshemming, og som elles treng langvarige og koordinerte tenester. Personalbasane er tett knytt opp til omsorgsbustader, men over halvparten av dei som tek i mot tenester frå oss bur andre stader i Førde. Vi yt tverrfaglege tenester som inneber støtte og opplæring knytt til dagleglivet sine funksjonar som hygiene, ernæring, fysisk aktivitet og sosiale ferdigheiter. Støtta inneber også hjelp til å handtere og meistre somatiske og psykiske vanskar.
Vi har ledig:
- 13- 21% faste stillingar på helg som helsefagarbeidar. Stillingane er ledig frå snarast. Dersom ein ikkje får nok kvalifiserte søkarar på stillingane kan ufaglærte få tilbod om mellombels tilsetjing.
Vi søker etter deg som:
- har ønske og glede av å arbeide med menneske med ulike hjelpebehov
- har eit fagleg engasjement og er pådrivar til å utvikle gode tenester med brukarmedverknad i fokus
- har gode kommunkasjons- og samarbeidsevner
- har evne til å jobbe i team like godt som sjølvstendig
- er fleksibel, løysingsorientert og påliteleg
- har gode norskkunnskapar, både munnleg og skriftleg
- har evne til å reflektere og stimulere til god etisk praksis
- har førarkort kl. B
Vi tilbyr:
- engasjerte kollegaer og leiarar
- eit godt og inkluderande arbeidsmiljø
- fagleg fokus og varierte arbeidsoppgåver
- god opplæring
- langvakter med arbeid kvar 4. helg
- god pensjons- og forsikringsordning
Politiattest må leverast inn før start i stilling. Du søker elektronisk.
Velkomen som søkar. Vi ser fram til å høyre frå deg!
Link til søknadsskjema: Søk her
Om bedriften
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2618149
- Sist endret
29. april 2024
- Hentet fra
visma-easycruit
- Referanse
3332113_143425_nn