Reinhaldsoperatør
Org. nr: 864 967 272 Stillingsident: 4472761489 Presentasjon av stillingen:
Sveio omsorgssenter har 3 avdelingar med til saman 42 plassar. På natt har me eit felles team som server både Sveio omsorgssenter og heimetenesta i kommunen. Omsorgssenteret har eit godt miljø, godt samarbeid, fagleg fokus og mykje godt humør. Me er ei samla arbeidsgruppe som brenn for å yte fagleg gode tenester til våre brukarar. Me tar godt i mot nye tilsette og du skal få ei god opplæring. Me er opptatt av at du trivst og føler deg trygg i avdelingane.
Sjå gjerne på vår Instagramkonto;# SveioOmsorgsenter med mange flotte bilete av kvardagen hjå oss.
Me har ledig 75 % fast stilling som reinhaldsoperatør på Sveio omsorgssenter.
Arbeidsoppgåver
- Utføre dagleg, periodisk og hovudreinhald jamfør reinhaldsplan.
- Reinhald i kontorer, fellesarealer og pasientrom.
- Oppgåver knytta til vårt interne vaskeri.
Kvalifikasjonar
- Fagbrev som reinhaldar. Utdanningskravet kan fravikes ved relevant erfaring.
- Interesse for og kunnskap om hygiene og reinhald i ein helseinstitusjon
- Stort fagleg engasjement og personlege eigenskapar.
- Må ha godkjent politiattest.
Personlege eigenskapar
- Er fleksibel og løysingsorientert
- Har gode samarbeidsevner og kan arbeide sjølvstendig
- Har evne til å sette fag, kvalitet og service i fokus.
- Er beslutningsdyktig og initiativrik
- Har godt humør og ønskjer å bidra til eit godt arbeidsmiljø
- Behersker norsk skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Dyktige kollegaer i godt arbeidsmiljø.
- Gode muligheter for fagleg og personlig utvikling.
- Faste sosiale arrangement
- Tilsetjing på vanlege kommunale vilkår.
- Gode forsikrings- og pensjonsordningar
Kontaktinformasjon
Camilla Selbak, 53 74 82 56
Arbeidsstad
Sveiogata 70
5550 SVEIO
Søk på stillinga:Klikk her
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar:Sveio kommune
Referansenr.:4472761489
Stillingsprosent: 75%
Fast
Søknadsfrist: 20.02.2022
Om bedriften
Vakre Sveio ligg midt i storregionen mellom Boknafjorden og Bjørnafjorden. Dei vel 5.700 sveibuane har kort veg til alle servicefunksjonar og tilgjenge til ein stor og variert arbeidsmarknad på Haugalandet og i Sunnhordland. Sveio kommune er kombinasjonen av landleg idyll og urbane kvalitetar.