Tenesteleiar Heimeteneste Eikefjord
Kinn kommune
6940 Eikefjord
Om jobben
Stillingstittel
Tenesteleiar Heimeteneste Eikefjord
Type ansettelse
Fast, heltid 100%
Arbeidstid
Ukedager
Arbeidsspråk
Norsk
Antall stillinger
1
Søk på jobben
Søk senest søndag 1. desember
Kinn kommune er ein heimetenestekommune, og satsar på kvardagsmeistring og velfersdteknologi. Heimeteneste Eikefjord og dagtilbod for eldre har base på Allhuset i Eikefjord sentrum, og har frå Grov, Løkkebø, Ramsdal, Nyttingnes, Stavang til Standal som arbeidsområde. Vi har 2 bueiningar med 28 omsorgsbustadar og servicebustadar i nær lokaskjon til basen vår. Tenesta har dyktige tilsette som er fag- eller høgskuleutdanna i alle stillingar, fleire av dei har også 1 eller fleire vidarutdanningar. Kinn kommune har kompetanselønnssystem som godtgjer tilleggsutdanning. Vi nyttar årsturnus og tilbyr både to- og tredelt turnus.
Arbeidsoppgåver
Som tenesteleiar har du ansvar for å utvikle eit kreativt og kunnskapsbasert arbeidsmiljø i heimetenesta og på dagtilbod for eldre. Du er leiar og hovudansvarleg for god omdømebygging. Du i samråd medarbeidarar har ansvar for at kvaliteten på tenesta som skal utøvast til brukerane er gode og samsvarar med dei mål Kinn kommune har satt.
Tenesteleiar har eit heilskapleg ansvar for sitt område i høve:
• Planlegging, kvalitet og fagutvikling
• Sakshandsaming
• Økonomi -budsjettstyring
• Leiing og personalansvar
Tenesteleiar rapporterer direkte til kommunalsjef for Helse og velferd.
Kvalifikasjonar
3 årig høgskule eller meir innan helse og omsorgsfag
Du må ha leiarerfaring og det er ynskjeleg med vidareutdanning i leiing
Du må ha god datakompetanse, og kunne bruke våre fagsystem som er Cos Doc ,RS og WebSak.
Gjerne erfaring og kompetanse i tverrfagleg samarbeid og teamarbeid
Personlege eigenskapar
Er lojal og har evne til å gjennomføre politiske og administrative avgjerder
Har gode kommunikasjonsevner og sosial kompetanse.
Likar endring og er god på å leie sine medarbeidarar gjennom endringsprosesser
Kan jobbe sjølvstendig
Er fleksibel, kreativ, nytenkjande og løysingsorientert
Likar å ha ansvar, tek ansvar og ansvarleggjer tilsette
Vi tilbyr
Ein kompetansearbeidsplass der du får vere med å utvikle tenestene saman med andre
Samarbeid med mange motiverte og godt kvalifiserte medarbeidarar
Svært varierte arbeidsdagar der du i stor grad styrer eigen arbeidsdag.
Høve til personleg utvikling og fagleg etter- og vidareutdanning
Vi har rutine på korleis nye leiarar får oppfølging og rettleiing
Systematisk etisk refleksjon for leiarar.
God pensjonsordning i KLP
Løn etter kompetanse
Kontaktinformasjon
Norunn Stavø, Kommunalsjef helse og velferd, +47 41536120, norunn.stavo@kinn.kommune.noArbeidsstad
Eikefjord
Nøkkelinformasjon:
Arbeidsgivar: Kinn kommuneReferansenr.: 4887457585
Stillingsprosent: 100%
Fast
Søknadsfrist: 01.12.2024
Kontaktperson for stillingen
Om bedriften
Vår visjon:
I Kinn har vi gode fungerande lokalsamfunn, der vi realiserer det store potensiale på kysten, flotte bu- og fritidsområde og ei berekraftig utvikling. Vi er ein av dei største kommunane i Vestland fylke med våre 17.386 innbyggarar. Som arbeidsgjevar har vi med oss 1632 tilsette, og vi ønskjer deg velkommen med på laget. I alle stillingar knytta til helse og velferd og alle stillingar i oppvekst - må tilsette pårekne koordinatoransvar.
Sektor
Offentlig
Nettsted
Del annonsen
Annonsedata
Rapporter annonse- Stillingsnummer
2795490
- Hentet fra
talentech
- Referanse
4f58ab917fc844e0aee5fe4cc9b0361f